Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Hanne Velure sitt svar på SVs ynskje om ein regional plan for fritidsbustader, syner manglande forståing for ein konflikt som er i ferd med å bygge seg opp i og mellom ulike lokalsamfunn i Innlandet.
I staden for å ta inn over seg at utbygging i eit område påverkar eit langt større geografisk område, roter Høgre seg bort i ein argumentasjon om det lokale sjølvstyret.
For at ingen skal vere i tvil: SV støtter lokalt sjølvstyre, men det er på tide å prate saman, også i og mellom kommunar.
Ein av dei største samfunnstrendane i reiselivet er berekraftige reisemål og opplevingar som ikkje set store avtrykk og auka press på verneverdiar. Om vi ikkje lyfter dette i eit heilheitsperspektiv, vil vi ikkje berre skade natur og verneverdiar, men også verdiskapinga i Innlandet. Eksempel på dette er aktørar som etablerar verksemder i og på lag med naturen. Det å oppleva urørt natur, utan ljosforureining, er eit stort potensial som vi allereie byr på i Innlandet og kan vidareutvikle, og med det vere unike.
SV sitt forslag handlar ikkje om å overstyre kommunar, men å få ulike kommunar til å prate i lag for å få ein heilheitleg strategi for kvar vi skal ha hytter, kvar vi tålar noko tilrettelegging og kvar vi kan vidareutvikle berekraftige reiseliv.
Eit anna eksempel som understrekar betydninga av meir koordinering og heilheitstenking er den belastninga som nordlege deler av Innlandet nå opplever etter store inngrep og hyttebygging i reinbeitedistriktet i Trøndelag. Der ser ein at beiteområda for tamrein fløt seg sørover, søkjer inn på innmark og utmarksbeite for anna næring, og skaper konflikt mellom reinnæring og landbruksnæring.
Det er svært beklageleg at Høgre ikkje ser samanhengen mellom utbygging og inngrep i Trøndelag, og at det skader bærebjelken i distriktsnæringslivet i Innlandet. Med kva rett kan lokaldemokratiet fatte vedtak i Trøndelag som i så stor grad går ut over lokalsamfunn i Innlandet? Vi har ulike haldningar til lokalt sjølvstyre, men eit minimum må være kardemommeloven: «Man skal ikke plage andre, man skal være grei og snill, og forøvrig kan man gjøre som man vil».
Mange av dei store utbyggingane og inngrepa som hyttebygging fører til har ein regional konsekvens langt utanfor den konkrete kommunen inngrepa skjer i. Dette knyter seg ikkje berre til nedbygging av natur og auka press på naturverdiar, men også til verdiskaping, handel og utvikling av tenestetilbod.
I motsetning til Høgre meiner SV at det er positivt å skape større bevisstheit rundt heilheit, både positive og negative konsekvensar, og ikkje ha ideologiske skylappar som seier at samhandling og dialog er overstyring.
Vi merker oss også at Velure ikkje seier noko om kva som var foranledninga til innskjerpinga av regelverket i perioden 2005 til 2013. Små kommunar brukte store ressursar på å skape urealistisk mange hytteområde i eit forsøk på å skape utvikling lokalt. Gjennom å stille krav til ein meir nøktern og realistisk planlegging av fritidsbustader kan ein snu ein pendel som i for lang tid har gjeve ein planlaus utvikling.
Når vi nå lyfter behovet for eit meir heilheitleg blikk handlar ikkje dette om å sjå bakover og ta opp att gammal politikk, men å lyfte blikket for å forme framtidas fritidsbustader og verdiskaping i Innlandet. Vi er i ferd med å bygge opp nye arealkonfliktar mellom og i lokalsamfunn, det vil skade moglegheitene for framtidig berekraftig verdiskaping, og det er synd at Høgre av ideologiske grunnar ikkje vil vere med på denne viktige debatten.