Krydderkonsert med Kvedarkvintetten

Søndag 10. desember kl.19:00
Tingbygningen på Hunn Gjøvik Hunnsvegen 29
GjøvikÅpne kart
kart
Kvedarkvintetten er ei vokalgruppe som syng folkesongar frå Hallingdal a capella i fleirstemte arrangement og består av fem songarar frå Torpo i Hallingdal. Gruppa har opptredd på ei rekkje scener og festivalar i inn- og utland og fyrste plata kom i februar i fjor. I 2017 har dei 10-årsjubileum som kvintett, noko som markerast med juleplate og konsertar rundt om i landet. Silje Risdal Liahagen -vokal Tonje Risdal Liahagen -vokal Helga Myhr -vokal, hardingfele Sina Myhr –vokal, langeleik Margit Myhr –vokal, lyre, langeleik Kvedarkvintetten er ute med si andre plate! Dei vil denne gongen dele med seg av det vokale julematerialet som er nedskrive i Hallingdal. Der finst mykje ubrukt stoff liggjande som fortener å kome fram i lyset og Kvedarkvintetten ynskjer å gje nytt liv til desse julesongane. Gjøvik spelmannslag er stolte over å kunne invitere til førjulsstemning i Tingbygningen på Hunn med flotte kvintetten! Krydderkake og kaffe/te høyrer sjølvsagt med.