Gå til sidens hovedinnhold

Vi treng eit fylkesveglyft

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Fylkesvegane bind saman lokalsamfunn, kommunar og regionar, næringsvegar med eksportvegar. Dei er sentrale for frakt av varer og tenester, og for å komme seg til skule eller arbeid. Alle har ein fylkesveg i nabolaget og vi ser skilnaden i standard på fylkesveg og riksveg. Fylkesvegane våre er i drastisk forfall, og det går ikkje over av seg sjølv. Det er dessverre vesentleg større mogelegheit for å bli skadd i trafikken på ein fylkesveg enn på ein riksveg. Trafikktryggleik har med standard og vedlikehald å gjera.

Etter forvaltningsreforma i 2010 vart 17 000 km riksveg omklassifisert til fylkesveg. Det er 45 000 km fylkesveg i Norge og ca. 10 500 km riksveg. Berre i Oppland er det 3 007 km med fylkesveg. 2 670 km av disse har fast dekke. I tillegg kjem ca. 200 km med gang- og sykkelveg. Mykje organisatorisk er endra, men vi klarer aldri å organisere oss vekk frå vedlikehaldet. Det er eit statleg ansvar å setja fylkeskommunane i økonomisk stand til å løyse oppgåva som vegeigar.

Oppland Senterparti meiner det er på høg tid med eit fylkesveglyft. Staten må legge inn økonomiske rammer og styringslinjer som gjer det mogeleg å ta att noko av forfallet. Eit forfall, som berre i Innlandet fylkeskommune er stipulert til minimum 5 milliardar! Ved å skyve vedlikehaldet ut i tid, førar det til auka utgifter. Når vegen er øydelagt hjelp det ikkje med eit asfaltlag. Forfallet utgjer ein trussel for samfunnssikkerheita og utviklinga av næringslivet som er avhengig av eit robust vegnett.

Oppland Senterparti meiner vi ikkje kjem utanom ein større økonomisk fordeling til fylkesveg og den må synleggjerast i Nasjonal transportplan. Alle politiske parti, NAF, KS, Trygg trafikk, fylkeskommunane og alle dei som køyrer på fylkesvegane våre er samde om dette.

Oppland Senterparti meiner vi må sjå om vi kan få større synergi i forvaltning av dei forskjellige vegnivåa. Vi må vurdere om dagens modell vart den økonomisk og organisatorisk beste. Vi meiner også at staten må ta større ansvar for dei vegane som blir att som omkøyringsveg, når nye riksvegprosjekt blir realisert. Staten kan ikkje berre dytte dei over på fylkeskommunane, utan tilhøyrande økonomiske middel. Vi må også få eit system der staten tek det økonomiske garantiansvaret for utbygging av riksveg og ikkje slik som i dag der fylkeskommunane har det økonomiske ansvaret fram til riksvegane er nedbetalt. Dei økonomiske statlege rammene bør aukast minimum 50 % årleg, fram til vi kjem i rute med vedlikehaldet. Oppland Senterparti meiner vi ikkje kan la fylkesvegane våre gå i full oppløysing og ta vedlikehaldet seinare, slik dei gjer no. Dette er også gode stimuleringstiltak for anleggsbransjen som slit med oppdrag på grunn av koronasituasjonen.

Oppland senterparti vil at:

* det skal bli satsa kraftig på å redusere vedlikehaldsetterslepet på riks- og fylkesvegar.

* det blir gjennomført eit særleg fylkesveglyft kor staten bidreg med ekstra middel.

* det i forkant blir gjennomført ei fullstendig behovsanalyse for fylkesvegnettet, slik det er gjennomført på riksvegnettet.

* rassikring på riks- og fylkesvegar blir styrka.

Kommentarer til denne saken