Gå til sidens hovedinnhold

Vi har inga matjord å missa!!

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Matjorda er den mest verdfulle jorda vi har. Likevel ser vi at politikarane lar omfattande nedbygging av denne skje. Ein kan undrast om dette er fordi dei ikkje bryr seg eller om at dei ikkje forstår at dette handlar om vår rett til trygg og berekraftig matproduksjon.

Matproduksjon er viktig for livet til alle menneskje på jorda, og som ein av Bygdekvinnelags leierane i Innlandet, matregion nr. 1 ynskjer eg eit løft når det gjeld matproduksjon, sjølvforsyningsgrad og fokus på dette. Til hausten inviterer FN sin generalsekretær António Guterres til det første toppmøte i historia om verda sine matsystem. Her skal alle land i verda kome saman for å diskutere prinsipp og løysingar for matproduksjon i framtida. Bakgrunnen er erkjenninga av at skal vi oppnå FN sine berekraftmål om nok og næringsrik mat til alle, er måten vi produserer maten avgjerande. Målet er sunnare, meir berekraftig og meir rettvise system for matproduksjon.

I ein fersk rapport frå Norsk institutt for bioøkonomi (NIBO) har forskarar sett nærare på kvifor jordvern i Norge er viktig. Her vert det slege fast at det ikkje er mogeleg å oppnå berekraftmåla til FN utan å stanse tapet av matproduksjonsareal.

I 2015 vedtok Stortinget eit mål for jordvernet. Innan 2020 skulle ikkje meir enn 4000 dekar jord byggjast ned årleg. Regjeringa meiner at målet er nådd sjølv om det er knytt stor uvisse til tala på grunn underrapportering i mange kommunar. No har Regjeringa sett eit nytt mål for jordvernet. Innan 2025 er målet 3000 dekar årleg. Dette er bra, men ikkje nok.

Det er ikkje mogeleg å erstatte matjord. Eit jorde som vert bygd ned, er tapt for alltid. Norge er blant dei landa i verda med minst matjord per innbyggjar. Likevel er det den beste jorda for matproduksjon som vert bygd ned i høgt tempo.

Vi meiner at politikarane sitt medvit om verdien av å ta vare på jorda og om nasjonal sjølvberging, er låg. Det ser ut til at tanken er at ein liten jordlapp «her og der» ikkje spelar nokon rolle når ein kan lokke med nye arbeidsplassar og infrastruktur midt i matfatet.

Men vern av matjord er ein føresetnad for at vi kan produsere mat i Norge og å oppretthalde ein nasjonal beredskap. Det er og ein føresetnad for at vi som forbrukarar kan verta sikra retten til å velje norsk, trygg og næringsrik mat basert på lokale matressursar, der folk bur.

I dag er sjølvbergingsgraden i Norge under 50 prosent. Dersom auke i folketalet og nedbygging av jordbruksareal held fram mot 2050, må vi nydyrke over ein million dekar for å oppretthalde det jordbruksarealet vi har i dag. Det er ikkje realistisk. Dersom norsk produksjon ikkje kan aukast i takt med det som det vil bli trong for, er alternativet å basere landet sin matforsyning på enda meir import. Det vil i følgje NIBO ikkje vere ein berekraftig løysing.

Norges Bygdekvinnelag meiner at vi ikkje har matjord å miste. «Bit for bit» nedbygging må stoppast. Difor må det nasjonale målet om vern av matjorda setjast til null dekar og ikkje 3000 dekar.

I september er det stortingsval. Oppland Bygdekvinnelag ber våre politikarar om å tørre å stå opp for vern av matjorda og sørgje for at null-visjon for nedbygging av verdfull jord, blir nasjonal politikk. Når vi sikrar areal for matproduksjon, sikrar vi mat til oss som bur her. Då er vi og solidariske med menneske i land der mattilgangen er avgrensa.

Med helsing

Borgny Sletten, leiar i Oppland Bygdekvinnelag

Kommentarer til denne saken