Gå til sidens hovedinnhold

Vi får ikkje både lokale akuttsjukehus og Mjøssjukehus

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Det er mange gode innlegg i sjukehusdebatten for tida. Fleire og fleire endar opp med det som mange med meg har hevda lenge. Vi må få sjukehus og helse ut av foretaksmodellen som bygger på «butikk»prinsippet, sentralisering og storsjukehus, Eg støttar alle som kjempar for lokalsjukehusa sine. Men dei må forstå at då må dei også kjempe mot Mjøssjukehus, uansett plassering. Vi må bruke økononomien på sjukehusa vi har i staden for eit dyrt «luftslott».

Gjøvik Sjukehus er akuttsjukehus for eit av Norges største og eldste industriområder som sjølvsagt må behalde «sitt» akuttsjukehus. Det var Raufoss Patronfabrikksom i som i tid tok innitiativ til å få oppretta sjukehuset. Når ein er kjend med kva slag industri som befinn seg både på Gjøvik og Raufoss og dei uhella som kan oppstå der, brann og ekspolosjonar berre for å nemne noko, trur eg alle forstå at det viktig å ha kortast mogleg veg til eit akuttsjukehus. Eg har sjølv jobba i industrien eit heilt yrkesliv og vore utsett for ei alvorleg ulykke så her kan eg snakke av eigenerfaring.

Ei anna gruppe som ikkje har vore så mykje framme i debatten i det siste men som treng sjukehuset så nær som mogleg er dei fødande. Sommarstenginga av fødeavdelinga på Gjøvik var sjølvsagt ein test på å overføre den permanent til Lillehammer.

At psykiatriske pasientar skal få eit betre tilbod om dei vert flytta frå Reinsvoll til eit storsjukehus, er det vel heller ikkje så mange som trur på.

Mange reagerer og er sinte og ofte oppgitt – klarer vi å stoppe dette? Meiningsmåling viser at fleirtallet har stått imot propagandaen om storsjukehus i fleire år og fortsatt ønsker å bygge vidare på den sjukehusstrukturen vi har. Vi treng ikkje ta hensyn til politikken, hevdar konsulentane i sjukehussaka. Eg hevdar vi må ha trua på demokrati og kjempe vidare, det er mitt nyttårsforsett.

Demokratiet vinn til slutt i USA-valet. Det vart Brexit-avtale i julehelga.. Utan direkte samanlikningar, men det viser at det er mogleg å vinne sjølv om det kan «sjå mørkt ut» til tider.

No må vi fortsette å presse på med folkekravet om : Fullverdig Gjøvik akuttsjukehus og psykiatrisk sjukehus på Reinsvoll.

Kommentarer til denne saken