Gå til sidens hovedinnhold

Vi er svært bekymret over Sykehuset Innlandets planer

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Stadig oftare er det politiet som må rykke ut til psykiatriske pasientar. Dette er fordi det i løpet av dei siste tiåra har vorte redusert til rundt ein tiandedel i talet på døgnplassar innan psykiatrien av kva dei var. Berre i perioden frå 2014 – 2018 har døgnkapasiteten innan psykisk helsevern for vaksne vorte redusert med 11 prosent i fylgje tal frå Helsedirektoratet.

Samtidig er talet på pasientar som treng hjelp det same som før. Kvar blir dei da av? Jau, dei blir berre skrivi ut tidlegare. Det er jo billigare for helseføretaka at dei pårørande eller kommunen tek over ansvaret for denne pasienten som kostar i snitt 12.800 kroner per døgn. Eller? Det er i vertfall freistande å spørje om det er kostnaden som gjer at pasienten blir skrivi ut og ikkje tilstanden.

Dette kan bli ei stor belastning for pårørande og vi har døme på kommunar som ber om at helseføretaket (sjukehuset) må gje pasienten eit tilbod vidare, men får avslag. Vi kjenner til kommunar som i mangel på fagkompetanse og kapasitet, må kjøpe private tenester langt frå der pasienten bur, for opp til 600.000 pr. månad. Det er ein snittpris på 20.000 kroner per døgn! Altså 7200 kroner meir per døgn enn eit opphald i det opprinelege tilbodet i det offentlege helsevesenet kostar. Da må ein spørje seg om det er pasienten sitt behov eller økonomien til helseføretaket som styrer. God samfunnsøkonomi er det i vertfall ikkje!

Men det alvorlegaste i dette er pasienten, mennesket, som treng hjelp. Pasienten som blir ein kasteball mellom ulike budsjett og eit helseføretak som fråskriv seg eit ansvar dei faktisk har. Det er ikkje familien eller politiet som skal eller kan handtere dette. Er du psykisk sjuk og såpass sjuk at du treng eit døgntilbod, skal du få det.

Frå 2016 til 2020 har politiet sine væpna oppdrag knytt til psykiatri auka frå 45 til 196 oppdrag i fylgje TV2. Vi har hatt politidrap på tre psykiatriske pasientar dei siste åra. Dette peiker mot eit helsevesen som ikkje er i balanse. Det er ikkje mellom stolane pasienten landar, men mellom sengene som ikkje er der.

Vi er særs bekymra over planane som Sjukehus Innlandet har inn mot eit hovudsjukehus og samling av alt av somatikk og psykiatri og dei sparekrava dei blir pålagde av Helse Sør-Øst.

Denne pasientgruppa står heller ikkje med protestplakatar eller tek på seg bunaden for å blir høyrde. Vi har ein bunadsgerilja mot nedlegging av fødetilbod. Nå trur vi at den geriljaen må utvidast til å gjelde menneske med store, psykiske utfordringar som blir sendt heim til sine pårørande og kommunen som kanskje verken har kapasitet eller fagkunnskap til å fylgje opp og gje den hjelpa pasienten treng.

Vi er på tur til å gå frå eit helsevesen med fokus på helse og omsorg, til eit helsevesen som overfører oppgåver til pårørande, kommunar og i ytste konsekvens til politiet for å spare pengar og effektivisere.

Kommentarer til denne saken