Gå til sidens hovedinnhold

Tillit, ting og tid – nye takter for museumssektoren

Kronikk Dette er en kronikk, skrevet av en ekstern bidragsyter. Kronikken gir uttrykk for skribentens holdninger.

Fredag før påske la kulturminister Abid Raja (V) fram den nye museumsmeldinga; St.meld. 23 (2020–2021) – Musea i samfunnet – Tillit, ting og tid. Her skisserer Raja opp mål og retning for korleis styresmaktene ønskjer at norske museum skal arbeide i åra som kjem. Her er mykje interessant lesing, mellom anna ynsket om tettare samspel mellom musea og samfunnet elles.

Forholdet mellom kultursektoren og styresmaktene har vore diskutert i mange år. Forslaget om ein museumslov er ikkje foreslått i meldinga, men styresmaktene vil lovfeste prinsippet om armlengds avstand. Dette er ein viktig køyreregel i forholdet mellom kultursektoren og styresmaktene. Kort fortalt inneber det at dei som gir driftstilskot, ikkje kan dirigere innhaldet i arbeidet ved musea. Men med pengar frå staten og brei tillit frå folket følgjer stort ansvar.

Hovudpunkta i meldinga handlar om at musea skal bidra til solid kunnskapsproduksjon, relevant formidling, heilskapleg samlingsutvikling, vern og vidareføring av kulturarven og aktiv samhandling med aktørar i og utanfor museumsfeltet. Meldinga seier musea skal gi rom for mangfald, hindre utanforskap og knyte menneske tettare saman. Det er store ord, men ord som vi håper kan gi gjenklang i liva til innbyggjarar, deltidsinnbyggjarar og tilreisande i Valdres.

I den nye museumsmeldinga går regjeringa sine tankar om mangfaldet att som ein raud tråd. Sjølv om ressursane til dette arbeidet kunne ha vore større, har Valdresmusea dei seinare åra greidd å sleppe til nye stemmer, perspektiv og erfaringar som tradisjonelt ikkje har blitt fanga opp i musea. I 2020 skipa vi til seminar om skeiv bygdehistorie.

Musea skal bli forskande kunnskapsinstitusjonar. I meldinga manar ein musea til tettare samspel med eksterne forskarmiljø, til dømes ved å etablere nye stipendiatstillingar. Dette er tiltak vi helsar varmt velkomen. I Valdresmusea sin nye strategi er støling og hyttekultur lagt til som nytt satsingsområde. I tida framover er dette eit tema vi vil forske meir på. Kven skal i framtida forvalte sårbare naturområde og korleis har samspelet mellom fastbuande og tilreisande endra seg?

Meldinga gir også bod om at musea må ha som mål å ta vare på kulturarven på ein trygg måte. Dette har høyrt til museumsoppdraga i alle år, men her har driftstilskotet ikkje stått i forhald til oppgåvene. Regjeringa seier Kulturdepartementet vil koma med ei særleg satsing på heilskapleg ivaretaking av bygningsarven. Her viser departementet reell vilje til å følgje opp det store kartleggingsarbeidet som vart gjort i 2019 og 2020 og som viste at etterslepet med vedlikehald av bygningssamlingane i norske museum låg på 3 milliardar kroner. Så er spørsmålet om KUD følgjer opp med pengar.

Regjeringa helsar òg velkomen eit større spekter av samarbeid, også med institusjonar utanfor musea. Det er bra, og noko vi i Valdres har vore opptekne av lenge. Ein nemner eksplisitt samarbeidet med reiselivet, museumsnettverka, næringslivet, utdanningsinstitusjonane og lokalsamfunnet. Dette utoverretta perspektivet har vi lange tradisjonar for i Valdres.

Meldinga inviterer òg til tettare samarbeid med arkivsektoren. Det er svært gode nyheiter til musea i Oppland som sidan 80-talet har lagt store ressursar i arkivarbeid gjennom Opplandsarkivet. «Mange museer spiller en viktig rolle for bevaring av sentrale arkiver med både lokal, nasjonal og global betydning», seier Raja. Her har musea i Oppland spelt ei viktig rolle i arbeidet med å få på plass eit nytt fagsystem for lydarkiva. I dialogmøte med KUD i september i fjor vart det gjort greie for dette arbeidet. Vi får tru at det no også kjem pengar til eit slik system.

Museumsmeldinga skisserer opp ein større himmel som synleggjer kvifor det musea driv med er viktig. For musea er ikkje førnyelsesparkar og formidlinga skal ikkje vere lett underhaldning. Musea skal gi oss grunnlag til betre å forstå oss sjølve – både kven vi er – og vil vere. Musea skal røre ved kjernen i det å vere menneske; å få kjenne tilhøyr og samhald uavhengig av kva slags historie ein dreg med seg. Dei største overgrepa skjer når menneska mistar retten til å skrive sine eigne historier. Derfor opnar Valdresmusea opp for eit endå større mangfald av historier og forteljingar. Historie og kulturarv er ein demokratisk rett. Musea bidreg i forvaltinga av denne retten.

Kommentarer til denne saken