Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
I fylgje Aftenposten har valglovutvalget stemt over korleis dei meiner valgdistrikta ved Stortingsvalg skal vere. Vi var mange som var spente på dette arbeidet og vi er mange som er glade for det fleirtalet her tydelegvis har kome fram til. Som Eva Nordlund i Nationen skriv: «Det er en god nyhet for demokratiet, og en kraftig trøkk for regjeringas sentraliseringspolitikk.»
Vi i Senterpartiet meiner at det betyr mykje for ein stortingsrepresentant å kjenne godt til lokale høve og ha god kontakt med eige valgdistrikt. Det ser vi ikkje minst i desse koronatider. Vi har hatt tett dialog med mange lokale aktørar, både offentleg og private, som har gjort at vi har fått tiltakspakkar som har vorte betre enn det dei opprinneleg var. Nærleik til folket er viktig som folkevald. Misser vi det, får vi eit fjernstyre som ikkje har nødvendig kontakt og forankring med livet som blir levd. Samtidig skal du som representant på Stortinget evne å sjå over fylkesgrenser, heile landet og internasjonalt, men dette må balansere på ein slik måte at summen blir bra.
Derfor er det så viktig at heile landet blir representert på Stortinget. Ein demokratisk og rettferdig balanse mellom geografi og folketettleik. Vi som driv med politikk veit kor viktig det er å ha tette band til kommunar og fylkeskommunar for å halde seg orienterte begge vegar på kva retning saker går og kva utfordringar og moglegheiter vi har. Da må det ikkje bli kjøttvekta som rår, men kjennskap og kunnskap om heile landet som må berast til torgs.
At fleirtalet går inn for å behalde dei gamle valgdistrikta for Stortinget, er nok eit signal om at dei nye fylkesgrensene ikkje fungerer. Regionreforma har skapt enda fleire nivå og ulike grenser som gjer at fylkesnivået misser den kontakta eit fylkesnivå bør ha med sine kommunar og lokale næringsliv. Dei nye fylkesgrensene klarar heller ikkje å balansere nettopp det med geografi og folketettleik inn mot representasjon på Stortinget, vårt øvste politiske organ.
Når vi da får høyre at Høgre sin representant i utvalet går inn for å behalde dei «gamle» valgdistrikta, medan Arbeiderpartiet sin representant ynskjer å slå saman, kan ein stille spørsmål om kva Arbeiderpartiet eigentleg meiner om regionreforma og tvangssamanslåing av fylkeskommunar.
Senterpartiet ser på dette som ein delsiger for demokratiet og for å reversere regionreforma.