Stortinget hausten 1940

Av
DEL

MeningerDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.NRK hadde i sitt elles utmerket jubileumsprogram 8. mai ei fråsegn om at det var eit samla Storting som i 1940 oppmoda kong Haakon om å abdisere. Motløysa i ei tid då Tyskland «sigra på alle fronter», som dei sjølv hevda, kunne gjera det naturleg å prøve å få til ei leveleg ordning med tyskarane.

Men at Stortinget sto samla om knefallet for tyskarane, er ikkje korrekt. Eg hugsar vel at kulturmannen rektor Trygve Bjørgo uttala at han ved valet etter krigen røysta Venstre av di dei gjekk mot å avsetja kongen. Kor stort fleirtal det var i Venstre si gruppe, har eg ikkje opplysning om for handi no. Men eg kunne halde fram eit alternativ for røysting ved valet i 1945: Kristeleg Folkeparti sine to representantar gjekk også mot framlegget om å be kongen abdisere. Og «KrF-hovdingen» Nils Lavik skal ha haldi det stuttaste innlegget i stortingssoga, då han gjekk på talarstolen og sa «Nei», og så gjekk nedatt.

Det høyrer med til soga at Stortinget ikkje var fulltalig, og serleg vanta stortingspresident C. J. Hambro, som nok hadde gått hardt mot at Høgre-gruppa støtta abdikasjonsynsket.

Men det står altså fast at to parti – V og KrF – våga å gå imot det tyske presset.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken