Gå til sidens hovedinnhold

Stå opp for norsk matproduksjon og arbeidsplassar

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Importen av matvarer var rekordstor i 2020, og Norge importerer særs mykje frå EU. Det svekkjer vår eigen matproduksjon, og er stikk i strid med mål om meir lokal og stuttreist mat.

Landbruket skulle eigentleg vera utenfor EØS-avtala, men kvotane for tollfri handel mellom landa om landbruksvarer har auka mange gonger. Artikkel 19 i EØS-avtala sier at Norge og EU skal møtast anna kvart år for å gå gjennom handelen om landbruksvarer. Målet i EØS er ein gradvis liberalisering, men det heiter at handelen skal vera til gjensidig fordel. Utviklinga gjev EU ein stor fordel. I 2020 hadde Norge eit handelsunderskot i høve til EU på 44 milliardar kroner for landbruksvarer.

EØS-avtalas artikkel 19 gjeld handel med landbruksvarer som ost, kjøtt og grønnsaker. Den stadig aukande ubalansen i handelen med EU er ein trussel mot norsk matproduksjon og titusenvis av arbeidsplassar i landbruk og industri over hele landet. Sjølvforsyningsgraden vår vert dårlegare, og mange mjølkebønder har lagt ned drifta.

Ein nasjonal landbruksproduksjon er viktig for beredskap, kultur, busetting og verdiskaping. Landbruket er den største fastlandsindustrien i Norge, og avgjerande for sysselsettinga i distrikta. Rundt 90.000 personar er sysselsett i primærledd og industri. I tillegg gjev landbruket ringvirkningar for 17.000 personer i andre næringar, i føljge analysebyrået Menon Economics.

Nei til EU krev at regjeringa nå står opp for norsk matproduksjon og arbeidsplassar. Auka kvoter til EU må vera heilt uaktuelt. Vi krev at EU sine tollfrie kvoter til Norge blir redusert nå som Storbritannia med sine 67 millionar innbyggjarar har forlatt EU. Brexit har endra EU sin storleik på alle måtar og endrar føresetnadane for avtala om handel med landbruksvarer.

Island har alt varsla at dei vil reforhandle EU sine importkvotar. Nå må og Norge krevja importkutt frå EU, til det beste for trygg norsk matforsyning.

Kommentarer til denne saken