Folkerøystinga ga eit knapt fleirtal for å dele Innlandet fylkeskommune. Bortimot halvparten av veljarmassa deltok i røystinga. Ideelt skulle ein ynskje ei større valdeltaking, men ho var heller ikkje dårleg. Blant fylkespolitikarane blir det likevel gjeve uttrykk for tvil om resultatet av røystinga skal vera avgjerande for utgangen på saka om deling eller vidareføring. Det blir peikt på at det også må leggjast vekt kva kommunane i fylket og tilsette i fylkeskommunen har meint.

Når det fyrst vart halde folkerøysting om saka må ein vente det er resultatet av denne som bestemmer. Kva kommunestyra og tilsette meiner må vera underordna. Skulle ein leggje vekt på meininga til dei tilsette ville det bety at dei vil få innverknad på saka både som veljarar og tilsette, med andre ord vil stemmene deira telje dobbelt. Det same vil vera tilfelle med kommunestyrerepresentantane. Kva for demokratisk prinsipp er det at nokon skal ha to stemmer?

Spenningsmomentet når fylkestinget skal behandle saka er derfor ikkje om det blir deling eller vidareføring av Innlandet fylkeskommune. Spenninga knyter seg til fylkestingets demokratiske sinnelag og om det følgjer resultatet av folkerøystinga. Eller om det skyt seg sjølv i foten.