Den borgarlege regjeringa kompromissa seg fram til noko Ap-leiar Støre kalla «eit makkverk av ei kommune og fylkesreform». Denne sentraliserande reforma tvingar dei gjennom mot protester frå blant andre. Når Ap så kjem til makta i det ny fylket Innlandet vert dei leiande Ap-folka i fylket ivrige tillhengarar av reforma. Dei går så langt at dei ikkje tek omsyn til folkeavrøystinga som ville tilbake til Oppland og Hedemark.

Eg er faktisk ikkje spesielt overaska over dette. Det fortel vel mest om korleis eg opplever ledande krefter i Ap. Eg må seie meg samd med fylkesvaraordførar frå Sp, Aud Hove som seier: «Ap snur seg mot høyre stadig vekk.»

At leiinga i AP er for «folk flest» opplever eg mest som retorikk. Denne kontrasten mellom kva dei seier i opposisjon og kva som skjer i verkelegheita no er ei oppskrift på å få politikarforakt. Dette må IKKJE føre til at folk «gir opp» og sluttar å engasjere seg. Det er viktig at Ap får kraftig tilbakemelding, noko som eg ser er godt i gang i sosiale media. Det vil nok gi seg utslag i neste val også. Det fins heldigvis andre parti som ønsker å vere arbeiderparti ...

Regjeringa er på rett veg i ein del saker blant andre for arbeidslivet. For å presse Ap og regjeringa til å fortsette i rett retning, er det no viktig å få kraftige markeringar i til dømes straumsaka. Det ser heldigvis ut til at mange av dei som er skuffa over regjeringa forstår dette og går til venstre i politikken. Der er dei velkomne for tilbake til ei borgarleg regjering er ikkje noko alternativ.