Det gjorde inntrykk å lese innlegget til Jorid Glad-Iversen som er plasstillitsvalgt for norsk sjukepleierforbund ved akuttmottaket ved sjukehuset på Lillehammer. Vi vil først få takke Glad-Iversen som seier i frå. Når ting ikkje fungerer er det viktig at vi har tilsette og tillitsvalde som vågar å rope ut. Spesielt når det står om liv og død.

Glad-Iversen beskriv ein arbeidskvardag med ekstravakter, dobbeltvakter, lite fri, kutt i sengeplasser og sjukepleierstillingar. Stutt oppsummert er antalet pasienter konstant, medan antalet tilsette går ned. Konsekvensen er frustrasjon blant dei tilsette og frykt for ikkje å strekke til. I følgje Glad-Iversen er det eit under, at ikkje nokon har døydd som følgje av manglande bemanning og oppfølgjing. Frustrasjon blir sjølvsagt ekstra stor når det ikkje er nokon adressere frustrasjonen og bekymringane sine til. Resultatet er at sjukehusleiinga, som ikkje har pengar, viser til myndigheitane, medan myndigheitane viser til sjukehusleiinga.

For å vera heilt tydeleg på det. Dette er eit politisk ansvar og det politiske ansvaret tilhøyrer regjeringa og helseminister Bent Høie. I åtte år har han og regjeringa Solberg vore ansvarleg for helsepolitikken i Norge. Resultatet er på ingen måte godt nok når ein høyrer korleis dei tillitsvalgte beskriv situasjonen. Stortingsrepresentant Marit Knutsdatter Strand frå Oppland Senterparti har tatt opp denne konkrete saka med helseminister Høie. Ho spør rett og slett spør om kvifor han ikkje tek ansvar for situasjonen på Lillehammer sjukehus.

Det er ingen grunn til å tru at bildet som blir teikna av sjukehuset på Lillehammer er eineståande. Det må ryddes opp i sjukehusstrukturen slik at ein endar opp i slike situasjoner. Det er ingen som skal døy på norske sjukehus fordi det er underbemanning. Det skal heller ikkje vera slik at dei tilsette skal gå å vera bekymra for at det skal skje fatale feil fordi økonomien ikkje tilet ei forsvarleg bemanning. Senterpartiet vil avvikla helseføretaksmodellen og ta sjukehusa tilbake til folkevald styring og offentleg forvalting. «Butikkreformen», og kalla helseforetaksmodellen, har utspelt seg sjølv. Det skal ikkje vera profitt som skal trumfe omsynet til pasientane. Det er også heilt avgjerande at ein får skilt på drift og investering.

Det er bekymringsfullt å sjå utsegna til styreformann i Helse Sør-Øst, Svein Gjedrem, som vil sette planane om nyinnvestering på vent til Lillehammer sjukehus går i pluss. Vi meiner at dette ikkje er haldbart. Sjukehusøkonomi er ikkje ei trylleøving. Senterpartiet skulle og ønskje at Arbeiderpartiet og partileder Jonas Gahr Støre, hadde vore tydelege på at det er heilt nødvendig med eit skilje på mellom drift og investering. Utan eit slikt grep risikerer ein at nye investeringsplanar blir ei endelaus ørkenvandring.

Senterpartiet vil ha ei forvaltning av sjukehus som baserer seg på samarbeid, samordning og samspel til det beste for beredskapen og pasienten. Det er og avgjerande at sjukehus kjem attende til folkevald styring. Det skal ikkje vera nokon tvil om kor ansvaret ligg. Vi kan ikkje lengre ha det slik at folkevalgte skal gøyme seg bak oppkonstruerte statlege foretak.