Sentraliseringas logikk

STYRKE: «Hvis ikke Nord-Aurdal som har sin store styrke innen kultur og musikk, får tildelt oppgaver og arbeidsplasser på det området vi er sterkest på – hvilke oppgaver kan da legges til Valdres?», spør ordføreren. Illustrasjonsbilde fra Frikar-forestillingen Draumefangaren.

STYRKE: «Hvis ikke Nord-Aurdal som har sin store styrke innen kultur og musikk, får tildelt oppgaver og arbeidsplasser på det området vi er sterkest på – hvilke oppgaver kan da legges til Valdres?», spør ordføreren. Illustrasjonsbilde fra Frikar-forestillingen Draumefangaren. Foto:

Av
DEL

Kronikk«Musikk Innlandet» går inn for landing. I den ferske innstillinga frå fylkesrådmannen blir Gjøvik peika ut som sete for framtidas regionale musikksatsing. Endå ein gong er det mjøsregionen som stikk av med arbeidsplassar, ressursar og framtidssatsingar. Må det alltid vere slik?

Det kom kanskje ikkje som noka overrasking. Då skissene for det nye Innlandet tok form for nokre år sidan, byrja også ein dragkamp mellom mjøsbyane om oppgåvene. Nokon vil meine at Gjøvik kom dårleg ut i det oppgjeret.

Ei av oppgåvene som var tiltenkt Gjøvik, var ei framtidig regional musikksatsing, seinare kjent som Musikk Innlandet. Prosessen har ikkje gått knirkefritt. Spørsmålet om lokalisering vart sett på vent. I mellomtida melde kommunar frå heile fylket seg på i kampen som vertskap for den nye satsinga. Hamar og Lillehammer, naturleg nok, men òg Elverum og Fagernes. Inntil ein dag i førre veke då innstillinga frå fylkesrådmannen låg klar på bordet: Musikk Innlandet blir føreslege lagt til Gjøvik.

Det er eit faktum at dei fleste regionale tenestene ligg i regionbyane. På Hamar, på Lillehammer, på Gjøvik. Slik må det kanskje vere, men ikkje heile tida. No og då må oppgåvene ligge andre stader enn ved Mjøsas breidd, som til dømes i Valdres, i Nord-Gudbrandsdalen eller i Østerdalen. Fordi? Fordi fylkeskommunen og fylkespolitikarane har eit ansvar for å ta heile Innlandet i bruk.

Ifylgje fylkesrådmannen ligg Gjøvik «noe mer sentralt plassert i Innlandet enn Nord-Aurdal». Kva vi til ei kvar tid forstår som «sentralt» – og kva som ikkje er det, er eit definisjonsspørsmål og handlar ikkje om geografi åleine, men om tyngdepunktet i det vi skal arbeide med. Det tek som kjent tid å snu gamle vanar og førestillingar. Kan hende ligg Valdres langt unna både Gjøvik og Mjøsa, men Valdres ligg framleis midt i eit kulturelt smørauge – regionalt, nasjonalt og internasjonalt.

Saksutgreiinga og framlegget frå fylkesrådmannen rokkar ved ei utfordring i samtida: Sentralisering veg alltid tyngst, og gjev dei største byane ein naturleg rang framfor andre, mindre område. Det har sin pris – og gjer oss blinde for det som finst av levande og kompetente miljø utanfor dei folkerike byane, og for dei kvalitetane og ressursane som finst i heile fylket. Sentraliseringas logikk har gjort utkantane til husmenn og evige taparar, kan det sjå ut til – jamvel innan dei områda der utkantane stiller sterkt, område dei er leiande på.

Synd for kulturen. Synd for Innlandet.

Saksutgreiinga og framlegget om å legge endå ei regional satsing til ein av mjøsbyane kan òg stå som døme på manglande vilje til å ta i bruk ny teknologi, nye arbeidsmetodar, nye samarbeidsformer. Digitale løysingar gjer oss i stand til å samarbeide fullverdig og godt med kven som helst, når som helst, kvar som helst. Det meste er mogleg – uavhengig av tilhald. Det har den pågåande koronakrisen vist oss.

Fleire politikarar har tatt til orde for at fylkeskommunen i større grad må ta heile Innlandet i bruk, og legge funksjonar og tenester der det fell seg naturleg. Eit døme: Fagernes er vertskap for det største opplæringskurset for barn og unge i klassisk musikk – i Europa. Valdres sommersymfoni driv festival, talentutvikling og konkurransar og har ansvar for fleire nasjonale prosjekt gjennom heile året. Same rolle speler Hilme-stemnet, Frikar, Strunkeveko og Valdresmusea for folkemusikken og folkedansen. Folkemusikkmiljøet i Valdres har samarbeid med utøvarar, festivalar, museum, arrangørar, produsentar, forskarar og instrumentmakarar i og utanfor Noreg. Ingen andre miljø i Innlandet nyt same posisjon på dette området som Valdres.

Saka om Musikk Innlandet skal etter kvart opp til politisk handsaming. Vi håpar fylkesrepresentantane har tankar og politikk for heile Innlandet. For som ordførar Knut Arne Fjelltun i Nord-Aurdal seier: «Hvis ikke Nord-Aurdal som har sin store styrke innen kultur og musikk, får tildelt oppgaver og arbeidsplasser på det området vi er sterkest på – hvilke oppgaver kan da legges til Valdres?»

Politisk tale forpliktar, og det er berre eit snautt år sidan politikarane lova å ta heile fylket i bruk. Om regionale politikarar meiner noko med sentraliseringskritikken sin, så har dei sjansen no. Vi har tillit til at politikarane legg avgjerande vekt på utkantane når dei skal avgjera kven som skal få tildelt nye arbeidsplassar. I staden for å legge vekt på befolkningstyngd og fleire oppgåver til mjøsbyane er det avgjerande at ein etablerer Musikk Innlandet der kompetansen faktisk sit. Valdres viser gjerne veg.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags