Gå til sidens hovedinnhold

Senterpartiets klare mål

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Etter snart åtte år med regjeringa Solberg ser vi store endringar i det norske samfunnet. Det er ikkje uventa. Like etter valet i 2013 uttala leiande representantar for Høgre at regjeringa sitt mål er å presse så mykje ut av «tuba» at det ikkje er mogleg å få det på plass att.

I mange saker har regjeringa gjort nettopp dette: gjennomført store endringar som det vil vera svært vanskeleg å gjera om att. Nokre eksempel er: kommunereform, regionreform, jernbanereform, politireform og høgskulereform.

Felles for mange av desse er at dei er gjennomførte utan dei forarbeida som er vanlege i vårt folkestyre. Demokratisk involvering, gjennom utgreiingar og høyringar, er erstatta av ekspertutval sine konklusjonar. Folkevald styring er erstatta av oppnemnde styre, som ikkje kan stillast til ansvar ved val. Stor folkeleg motstand har kome til uttrykk, men regjeringa har likevel vald å presse mest mogleg ut av «tuba».

Regjeringa har nok sett at svært mange veljarar ønskjer ein politikk som tek heile landet i bruk, og har oppretta ein eigen statsrådpost for distrikta. Da skulle ein tru at regjeringa også ville vise handlekraft og presse fram ein offensiv distriktspolitikk. I tillegg har både «distriktsnæringsutvalet» og «demografiutvalet» foreslått konkrete tiltak for å styrke næringsliv og busetjing i distrikta. Fleire av desse kunne regjeringa foreslått og gjennomført. Det gjer ikkje regjeringa.

Jordbruket er grunnlaget for den største fastlandsnæringa i Noreg. Ringverknadene av aktive gardsbruk er svært store for anna næringsliv. Gode rammevilkår for jordbruket er avgjerande dersom vi skal få fleire arbeidsplassar og auka folketal i distrikta. Leiaren av demografiutvalet, Viktor Norman, har sagt at det er i jordbruket vi finn dei mest innovative småbedriftene i Noreg.

I jordbruksforhandlingane kunne regjeringa vist handlekraft og betra rammevilkåra for den næringa som meir enn noko anna næring er avgjerande for distrikts-Noreg. Tilbodet som regjeringa ga jordbruket viser tydeleg at Høgre, og dei andre partia i regjeringa, ikkje vil føre ein slik politikk.

Senterpartiet sine mål er klare: Noreg treng ein ny jordbrukspolitikk, og Senterpartiet vil styrke rammevilkåra for jordbruket. Dei sentraliserande reformene som Solberg-regjeringa har gjennomført må endrast. Senterpartiet vil sikre utdanning, beredskap og næringsutvikling over heile landet. Senterpartiet vil ha eit levande folkestyre, tenester nær folk og eit samfunn med små forskjellar.

.

Kommentarer til denne saken