Gå til sidens hovedinnhold

Satse, ikkje kutte!

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

SV ynskjer satsing på gang- og sykkelvegar, kollektive knutepunkt og moglegheiter for å i større grad nytte kollektive tilbod i byar og distrikt. I oktober stadfesta fylkestinget vedtaket om fossilfri fylkeskommune innan 2025. Dette vart gjort med kunnskap om at det er transport som står for det største klimagassutsleppet i Innlandet.

Det er av den grunn overraskande å sjå at fylkesrådmannen foreslår å kutte heile 75 millionar i kollektivtrafikken i Innlandet dei neste 4 åra, med eit kutt på 15 millionar allereie 2021.

Kvar skal ein ta desse kutta blir eit naturleg spørsmål? Mykje taler vel for det blir dårleg med kollektive tilbod ute i dei mange distriktskommunane i Innlandet. Moglegheitene for å bruke kollektive tilbod er i utgangspunktet dårleg og bilen er for mange det naturlege framkomstmiddelet. Det er også her ladeinfrastrukturen er dårlegast og andel el-bilar er lågast. Eit kollektivtilbod som ikkje er retta etter behov blir ikkje brukt og er av den grunn lett å fjerne.

Innlandet fylke må prioritere og styrke kollektive tilbod om ein skal nå vedtak gjort av fylkestinget, dette vil vere avgjerande for ei fossilfri fylkeskommune innan 2025. I motsetning til forslaget som skal behandlast i desembertinget, vil SV arbeide for styrking av kollektivtilbod i åra framover.

SV er bekymra for at et kutt på 75 millionar over fire år vil forsterke avstanden mellom by og bygd og verkar sentraliserande. Fagre lovnader om «satsing på grønn mobilitet og kollektivilbud som binder fylket sammen», sitat frå den nyleg vedtekne Innlandsstrategien 2020 – 2024, blir berre ord i ein regional planstrategi.

På fylkestinget i desember foreslår SV å skjerme kollektiv for kuttforslaget på 15 millionar. Vi reknar med å få med oss dei andre partia på å prioritere grøn mobilitet i heile fylket, med mål om styrking av kollektivtilboda og gode tiltak for gåande og syklande. Om dei andre partia ikkje blir med på det, må ein sjå på tidlegare vedtak som noko ein pyntar seg med, heilt utan innhald.

Kommentarer til denne saken