Møtte uteliggjarane med varme julegåver

Damene frå Øystre Slidre frivilligsentral strikkar gledeleg for å gje til trengande.

Damene frå Øystre Slidre frivilligsentral strikkar gledeleg for å gje til trengande. Foto:

Av

I ei årrekkje har Øystre Slidre Frivilligsentrals håndarbeidsgruppe strikka til veldedig formål. Og då vart det tur til Oslo i oktober for å overrekkje ulltøy til både Kirkens Bymisjon og til byens uteliggjarar.

DEL

InnsendtMed oss hadde vi med to store bagar til Bymisjonen med strikka klede. Ein frå Øystre Slidre Husflidslag og ein frå Frivilligsentralen. Dette skulle gå til familiar med liten inntekt og noko av det skulle pakkast inn som julegåver. Bymisjonen arbeider med ulike tiltak for å redusere fattigdommen i Norge.

Endå ein bag var med til Oslo. Her var det luer, vottar, skjerf og sokkar som var øyremerka uteliggjarane i Oslo. Vi hadde avtale med Kristine Nauf om å møte oss på =kaffe.

Sondre frå TV-serien

Medan vi var på =kaffe kom Sondre på jobb. Han kjente vi alle frå TV-serien Petter Uteligger. I sitt vante, gode humør framførte han to dikt han hadde skreve ved bordet vårt. Sondre bur i kollektiv og sa beskjeden at han då ikkje kunne ta imot strikkakleda vi baud han. Men han kunne trenge eit par vottar i vinter. Det enda opp med at han fekk både lue, skjerf og vottar som han sette veldig pris på. Ja, så glad var han at han ville lese opp eit nytt dikt som ingen hadde høyrt før. Diktet inneheld blant anna at «Først så lærer du å gå, siden går du altfor langt---».

Stiftelsen Petter Uteligger

Kristine er ein av representantane for stiftelsen Petter Uteligger. Oppgåvene til stiftelsen er å skape lyspunkt til rusmisbrukere og uteliggjarar i Oslo. Dei driv omsorg av ulike tiltak. Ein av dei fyrste dagane skulle fleire frå gatemiljøet ut i nærområdet på fisketur.

Blå Kors

Kristine bad oss med til Blå Kors. Her kunne vi personlig treffe brukarane og sjølve dele ut det vi hadde laga til dei som har ein utfordrande livssituasjon.

Blå Kors er tilbud for personar med rusproblem og heimlause, og har drevet virksomheita i over 30 år. Senteret får dagleg besøk av 100-300 gjestar. Her får dei mat og drikke, samt motivasjon og hjelp.

Inne i gangen fekk vi eit langbord der vi la fram det vi hadde med. Det vart fort folksamt rundt bordet. Begeistringen var til å ta og føle på. Ekte takksemd og blide fjes gjorde våre hjarta varme. Snart var det att berre nokre vottepar som Kristin tok med til gateteamet. Klemmar, gode ord og ein følelse av å ha bidrege på beste måte sat vi att med. Ute i gata såg vi dei same folka med «våre» strikkeklede på. Det varma våre hjarte, det! Ein ting er sikkert; omsorg er like godt å gje som å få.

Forutan bagen frå Øystre Slidre husflidslag hadde vi med oss:

102 par sokkar, 31 par vottar, 31 luer, 10 skjerf/sjal, 4 tøflar, 1 babyteppe, 5 gensere og ei jakke.

Biografi for Lina Hovi

Artikkeltags