Gå til sidens hovedinnhold

Rødt vil ha ny politikk

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Det er valår, mange har fått nok av borgarleg politikk og ønskjer seg ny regjering med ny politikk. Den borgarlege regjeringa har ført til auka forskjellar, sentralisering og at sterke kapital krefter vinn fram med støtte frå regjeringa. Enkelte kapitalistar får mykje støtte i koronatider mens arbeidarane kan risikere å bli kasta ut i arbeidsløyse og få store problem. Dugnadsbegrepet føler mange vert misbrukt.

Ser vi på meiningsmålingar går dei borgarlege partia stort sett tilbake. Det ser ikkje lovande ut for borgarleg regjering då KrF og V er under sperregrensa og FrP i tilbakegang. Listhaug vil nok gjere utspel for å forsøke å snu trenden til FrP, så får vi sjå om ho lukkast. Det siste utspelet no er å få SP til å skifte side, det verkar litt desperat.

På raudgrønn side ser det meir lovande ut. Om vi startar lengst til venstre er i Raudt i framgang, stort sett over sperregrensa i meiningsmålinga og stor auke i medlemstal. SV og MDG gjer det og godt. AP er det verre med. Dei vert ikkje lenger det store partiet i ei eventuell ny regjering. Det er deira eiga skuld då dei ikkje markerer seg klart nok mot regjeringa sin politikk. Det positive er at mange av veljarane deira går til andre parti på raud-grønn side.

SP er dei som «flyg høgast» på meiningsmålingane for tida. Dei sankar stemmer med ein tydeleg partileiar som talar distrikta si sak, mot sentralisering og så videre. Dei er og mot EØS. Mange har oppdaga at EØS fører til EU tilpasningar det er stor motstand mot, utan at regjeringa prøver å stoppe det. Norge får føle det «demokratiske underskotet» i EØS som fører til at vi må innføre EU-direktiv. Det er flott at SP støttar denne kampen. Men det folk må vere klar over med SP er at dei trass alt er eit borgarleg parti og har mange meiningar internt.

Mange stader, som i Gjøvik og Oppland ser vi dette. Her i Gjøvik prioriterte dei å få ordføraren og makta samen med dei borgarlege. Haldninga til ordføraren og SP i til dømes sjukehussaka minner ikkje mykje om SP sentralt si line. SP søker regjeringssamarbeid berre med AP. Dei ønskjer å «køyre slalom» i Stortinget og få støtte til sin politikk frå både høgre- og venstresida. Dette viser klart at SP er eit sentrumsparti som ønsker å dra AP med seg mot sentrum. Det betyr at sjølv om vi får ei ny regjering ,treng ikkje dette føre til den nye politikken som meiningsmålingar tyder på at veljarane ønsker.

Raudt advarer sterkt mot ei slik utvikling. Ei ny regjering må også føre til ny politikk. Då må dei partia som ønsker det på raudgrønn side inn i regjeringssamtalane og påverke politikken. Raudt er framleis for små til å få nok påverknad i ei regjering og er ikkje så «ettertrakta» der heller. Vi samarbeider med fagrørsla og andre folkerørsler for å påverkar dei raud-grønne. Dette oppmodar eg veljarane til å vere aktive med på. Då kan vi få ei raud-grønn regjering og ny politikk.

Kommentarer til denne saken