Gå til sidens hovedinnhold

Regjeringa si tiltakspakke manglar sympati for dei hardtarbeidande studentane

Artikkelen er over 1 år gammel

Når studentar permitterast er regjeringa sitt tilbod å låne dei pengar, men tiltakspakka burde fordelast slik ein gjer elles 40 prosent stipend og 60 prosent lån.

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

På torsdag la regjeringa fram si løysing på økonomien til studentane i koronakrisa. Løysinga til regjeringa er at studentar som vert permittert frå sin deltidsjobb, kan søke Lånekassen om ein eingongssum på inntil 26.000 kroner. Dette vert betalt ut i april, saman med ordinært stipend og eventuelt lån. Dette gjer at ein student som allereie har dårlig råd, ender opp med eit lån som er større enn planlagt.

Vi i Oppland Senterungdom og Innlandet Unge Høgre meiner at statens tilbod til studentar ikkje er rettferdig.
Kvardagen er tatt frå oss og mange av oss står ei usikker framtid i møte. Fleire hundretusen er permitterte og vi har ikkje sett fleire arbeidsledige sidan krigen. Dei siste vekene har vi sett eit politisk Noreg som jobbar på spreng for at samfunnet vårt skal være noko å komma tilbake til, også etter denne krisa. Det er nå vi visar kva vi er laga av og ikkje minst at vi tek vare på kvarandre.

Regjeringa har fått på plass ein ordning som gjer at alle permitterte, får full lønn i 20 dagar frå Nav. Løysninga for studentane har latt vente på seg og Senterungdommen og Unge Høgre forsett å vente. Løysinga som regjeringa har presentert sviktar studentane.
Ein student med fult lån og stipend får rundt 8200 kroner i månaden. Dette skal dekkje husleige, mat og eventuelle ekstra kostnadar. For studentar som har låg husleige, går dette fint. For studentar stader der husleiga tilsvara nesten heile stipendet, er ein avhengig av anna inntekt enn berre stipendet. Difor har mange studentar ein jobb ved sida av studiane, for å få råd til å leve. I desse Korona-tider er mange av desse studentane permittert, og får difor ikkje dekka alle månadlege kostnadar. Då trengs det et godt tilbod for studentane, som gjer at dei kan få dekka sitt livsopphald. Vi kan ikkje ha ei løysing som gjer at studentar som jobbar hardt ved sida av studiane, vert straffa i krisetider.

Løysinga som no er lagt fram gjer at studentar, som allereie arbeide hardt for å få det til å gå rundt, må låne heile stønadsbeløpet. Vi i Senterungdommen og Unge Høgre meiner at det skal fordelast i ein 40/60 modell, slik stipendet allereie fordelast i dag. Altså at ein får ein ekstra sum pengar, mot tapt arbeidsforteneste, der 40 prosent er stipend og 60 prosent er lån. På denne måten vil ein sikre økonomien til studentane og rekninga blir mindre både for studentane og staten; vinn-vinn!

Vi i Oppland Senterungdom og Innlandet Unge Høgre meiner at regjeringa si løysing ikkje er rettferdig . Det er å undergrave dei studentane som jobbar hardt både på skulen og på jobb. Vi meiner at den ekstra stønaden til desse studentane bør 40 prosent av lånet på inntil 26.000 gjerast om til stipend. På denne måten sikrar vi utdanninga og rettferd for studentane.

Kommentarer til denne saken