Gå til sidens hovedinnhold

Reformar og Høgre

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

I sin iver etter å framstille fylkeskommunen som dysfunksjonell og dyr, bommar Innlandet Høgre si fylkestingsgruppe. Dei skriv at «Fylkeskommunen er et svært kostbart forvaltningsnivå. Årlig overføres det cirka 5,5, milliarder fra staten til Innlandet fylkeskommune. En overføring av disse ressursene til større kommuner ville betydd mer rasjonell driftsbruk – mer til tjenesteproduksjon og mindre til administrasjon.»

Man kan og skal alltid vere kritisk til korleis pengane i det offentlege blir brukt, men dei skriv ingenting om kva desse 5,5, milliardane faktisk går til.

Fylkeskommunen har ansvaret for dei vidaregåande skulane med eit budsjett på cirka 2,3 milliardar. Desse skulane ligg i heile fylket med lærarar som kvar dag underviser våre elevar på ein god måte.

Det er eit stort etterslep på fylkesvegar, og i driftsbudsjettet for 2022 ligg det inne rundt 850 millionar. I tillegg er nytt handlingsprogram for fylkesvegar for 2022-2025 nyleg vedteke med ei investeringsramme fram mot 2025 på heile 1,9 milliardar.

Kollektivtransport har ei driftsramme på cirka 960 millionar, med 532 millionar til skuleskyss buss, 200 millionar skuleskyss drosje og 229 millionar til anna kollektivtilbod.

Tannhelse med klinikkar i heile fylket har ei ramme på 180 millionar. Kultur har ei ramme på 193 millionar, der ein stor del går til søkbare midlar og opplevingar og arrangement for innbyggarar i kommunane.

Næringsutvikling og internasjonalt arbeid har ei driftsramme på cirka 91 millionar som skal stimulere og mobilisere for forsking og utvikling i heile fylket. Her har jo Høgre lykkast godt med å kutte. Status her er at regionale utviklingsmiddel i praksis er nulla ut på 8 år. Fylkeskommunen har nå 200 millionar mindre per år til dette utan at det har kome næringslivet i kommunane meir til gode av den grunn.

Da står avdelinga for samfunn, plan og miljø med cirka 60 millionar og administrasjon og fellestenester att, der mykje er samla av både administrative og politiske driftsutgifter på rundt 418 millionar.

Med andre ord blir store delar av desse 5,5, milliardane som Høgre prøvar å framstille som noko som berre kan gje meir tenesteproduksjon og mindre administrasjon om dei blir flytta til kommunane, allereie brukt ute i kommunane. Fylkeskommunen og dei som jobbar der sørger for at elevane våre skal få undervisning og komme seg til og frå skulen, at vegen skal vere i stand, å gje støtte til næringsutvikling og forsking og utvikling, at du skal få reparert ei tann eller få tilgang til ei kulturell oppleving i kommunen.

Men Høgre ynskjer fortsatt å bruke mange millionar for å få større kommunar og å legge ned fylkeskommunen. Senterpartiet ynskjer å bygge opp under dei kommunane vi har hatt og har og at det er fylkeskommunen som må tilpasse seg kommunekartet og ikkje omvendt.

Kommentarer til denne saken