Gå til sidens hovedinnhold

Politireform utan styrking av politiet

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Med den såkalla «nærpolitireformen» til Høgre, vart 126 lennsmannskontor borte. Talet på politidistrikt vart redusert frå 27 til 12. I OA 25. juni blir siste rapport frå Riksrevisjonen med undersøking av politiets innsats mot kriminalitet ved bruk av IKT omtalt. Konklusjonane er dystre, politiet er ikkje styrka etter reforma.

Politireforma kom etter at politiet hadde fått kritikk av 22. juli-kommisjonen. Dei nye og større kontora skulle gje betre tenester til folk. Kriminaliteten var i endring og flytta seg over på nettet. «Me treng eit politi på nettet, ikkje i lokalsamfunna,» vart det sagt.

No har me fått ein rapport frå Riksrevisjonen som fortel at politiet ikkje er nok «på nett» for å ta den nye kriminaliteten. Departementet har ikkje teke med omsyna til nettkriminaliteten ved gjennomføring av reforma – som var meint å handtera nettopp nettkriminaliteten. Når departementet får kritikk for dette, svarar dei at reforma har vore ressurskrevjande. Og dei er sjølv ansvarleg for ressursane som har vorte fordelt dei siste åtte åra.

Ressursane har ikkje gått til den styrka politiet lokalt. For eksempel er det fleire stader lang ventetid for fornying av pass då dei ikkje har nok mannskap. Førebygging har og vorte nedprioritert på grunn av ressursmangel.

Kritikken av politiet sin innsats den 22. juli for ti år sidan handla om manglar i kultur og leiing. Regjeringa valde å løysa dette med å omorganisera politiet til større einingar lokalt og regionalt. Det skulle gjere politiet i stand til å handtera kriminalitet på nett, men slik gjekk det ikkje. Sentraliseringa har korkje har fått politiet over på nett eller betra beredskapen lokalt.

Kommentarer til denne saken