Vil ikke ha "melk" på mjølkekartongene

Artikkelen er over 8 år gammel

Austmannalaget, samla til årsmøte 15. mars 2009, reagerer sterkt på at Tine BA ikkje ser verdien av å bruke ”mjølk” i marknadsføringa av mjølkeprodukt.

DEL

Gå høsten i møte - KUN 88 kr for 8 uker med papiravisa og alt innhold på nett

Tine vil no innføre sams mjølkekartongar over heile landet, og bruke nynorsk på ein av fire søtmjølkskartongar etter ei rullering, og dessutan på to surmjølkskartongar. På dei nynorske mjølkekartongane skal det likevel stå ”TineMelk” på toppen av kartongen. Årsmøtet i Austmannalaget, som er fylkeslag i Noregs Mållag for Oppland og Hedmark, synest det er bra at ein no kan finne nynorske mjølkekartongar over heile landet, men reagerer på at det skal stå ”TineMelk” på dei nynorske kartongane. Tine burde heller sjå at det å bruke nynorsk også i logoen – TineMjølk – gir friske assosiasjonar til Fjord- og Fjell-Noreg, og at det har ein god marknadsføringseffekt for eit produkt som ein gjerne vil knyte til rein norsk natur og produksjon. ”Mjølk” er dessutan ei lovleg, likeverdig form i bokmål ved sida av ”melk”, og mange bokmålsbrukarar seier ”mjølk”, ”mjelk” eller ”mjælk” i talemålet sitt. Derfor er ”TineMjølk” den naturlege forma å bruke på alle kartongar.

Eit alternativ kan vera å ha begge målformer på alle kartongar. Dette er mykje brukt i andre to- eller fleirspråklege land.

Austmannalaget vil òg minne om at det må vera nynorsk tekst på nokre av skulemjølkkartongane.

Artikkeltags