Regionreforma var sjølve flaggskipet til Høgre-regjeringa. Det som vart flagga som ein demokratireform, der det lokale sjølvstyre skulle få meir makt og fleire oppgåver, krasjlanda i ein tvangsreform utan innhald. Kanskje ikkje rart når agendaen i realiteten var sentralisering, byråkratisering og tvang. I Hurdalsplattforma er det opna for ei oppløysing av fylkeskommunar som vart slått saman med tvang. Det er udiskutabelt at Innlandet tilhøyrer denne kategorien.

Strukturane i offentleg sektor blir større og meire uoversiktlege. Politikarane mister makt og dei tilsette moglegheita til å påvirke eigen kvardag. Med store og uoversiktlege organisasjonar følgjer det ein evig runddans, der den eine omorganiseringa blir avløyst av ei ny omorganisering. Stadige endringer og aukende storleik på systema, gjer at ekstrainnsatsen til den enkelte medarbeidaren eller lokalpolitikaren blir usynleg. Dette svekker funksjonen og tilliten til systemet blant dei tilsette og brukarane, og motivasjonen til politikarane. Vi har sett det innanfor helsevesenet med foretaksmodellen, innanfor samferdsel og innanfor høgare utdanning. Politikarane blir plassert på sidelina utan reell moglegheit til å styre og beslutte.

Nye Oppland fylkeskommune må etablere ein desentralisert struktur med regionkontor basert på eksisterande fagmiljø. God lokalkunnskap gjev dei beste tenestene, inkludert god beredskap! Oppland fylkeskommune skal vera ein motor for regional utvikling. Oppland fylkeskommune må gå i bresjen for ei mobilisering av næringsutvikling basert på eigne ressursar. Vidare utvikling av vasskraft, skog- og landbruk er gode dømer på dette. Naturressursane våre blir foredla og produsert i distrikta. Oppland fylkeskommune må, gjennom samarbeid med kommunane, sikre at verdiane som slik satsing generer, blir verande i distrikta. Da blir det lagt til rette for etablering og utvikling av industri der ein sikrar kvalifisert arbeidskraft gjennom god fylkeskommunal vidaregåande utdanning, gjerne i kombinasjon med desentraliserte høgskulesenter.

Oppland fylkeskommune må sørgje for å fylle opp dei kommunale næringsfonda. Dette er gode verkemiddel og kommunane har best forutsetning for å kunne bruke desse på ein effektiv måte. Oppland fylkeskommune kan, gjennom politisk vilje og dyktige tilsette, vera ein god tilrettelegger for kommunane og tenesteytar for innbyggarane.

Det har vore heilt tydeleg frå første dag med Innlandet fylkeskommune at kjøttvekta rår. Politisk og administrativ leiing er plassert på Hamar. Dette har fått negative konsekvensar på stutt sikt, og det vil få store negative konsekvensar på lang sikt. All erfaring viser at dei tilsette søkjer seg dit leiinga sitt. Det vil påverke den geografiske samansetninga både administrativt og politisk. Positivt for Hamarregionen, men Hedmark og Oppland er meir enn Mjøsa! Kven skal kjempe for studietilbodet av den vidaregåande skulen i Nord-Gudbrandsdal og kven skal kjempe for å få utbedra den dårlege fylkesvegen i Valdres med ei vidareføring av Innlandet fylkeskommune?

Eg ønskjer ein desentralisert struktur og få sett ein stoppar for det vanvittige sentraliseringskøyret som regjeringa Solberg sette i gang. Derfor seier eg ja til Oppland, med godt og tett samarbeid mellom politikarane på fylket og i kommunane. Eit ja til Oppland er eit ja til lokaldemokrati, eit ja til tilrettelegging for lokal verdiskaping og eit ja til gode tenester for folk og næringsliv, anten du bur i bygd eller by.