Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Einar Wiklund i Gjøvik-Toten Nei til EU kommenterte 2. januar mitt innlegg på julaftan i Oppland Arbeiderblad. Eg tok der til motmæle mot påstandar om EUs fjerde jernbanepakke som fylkesvaraordførar Aud Hove skreiv om i OA 13. desember. Wiklund refererer til eit EU og ei jernbanepakke som eg ikkje kjenner meg igjen i. For den jernbanepakka som regjeringa no arbeider med, inneheld ikkje nokre av dei skremsla som Wiklund presenterer.
Eg lurer ikkje minst på kva som har fått Wiklund til å skrive at «passasjerene [vil] få merke en kraftig prisstigning på billettene, som nå subsidieres av staten. En slik støtteordning som vi har i dag, vil bli karakterisert som konkurransevridende i EU's terminologi og vil bli kjent ulovlig.»
Påstanden er direkte feil. Den norske staten vil halde fram med å kjøpe persontogtenester i tråd med transportpolitikken som er vedtatt av Stortinget. Denne praksisen har blitt regulert i EØS-lovgivinga i ti år allereie. Det statlege kjøpet – altså bidraget for å redusere billettprisane – er ein form for statsstøtte som er fullt ut lovleg. Det er krav til at avtalane skal vere tydelege på kva dei offentlege tenestene går ut på og at offentlege myndigheiter ikkje skal betale overpris. Slike krav er det naturleg å stille utifrå at staten brukar mykje skattepengar på å kjøpe persontogtransport. Innføring av konkurransar om persontogtilboda endrar ikkje på dette.
Wiklund skriv at «EU vil overta myndigheten over lover og forskrifter og hvordan jernbanen skal organiseres.»
Dette er heller ikkje riktig. Den norske staten skal halde fram med å styre den norske jernbanen, sjølv om rammene for styringa går fram av felleseuropeisk lovgjeving. Vi skal som i dag arbeide for å ha ein sikker og godt fungerande jernbane. I aktuelle sakar skal EUs jernbanebyrå (ERA) alltid rådføre seg med den nasjonale myndigheita om dei relevante nasjonale krava er oppfylt. Og – ikkje minst – for alle togselskap som køyrer i Noreg, skal Statens jernbanetilsyn halde fram med å føre tilsyn. Det er Statens jernbanetilsyn som skal treffe vedtak om å forby farleg verksemd på det norske jernbanenettet. Slike vedtak kan korkje ERA eller andre EU-organ overprøve. Dette går tydeleg fram av dei nye direktiva i jernbanepakka, og det går difor ikkje an å hevde det motsette.
La oss illustrere den nasjonale kontrollen med eit aktuelt døme: For togselskapet Go-Ahead Norge AS, som har vunne kontrakten om å køyre på Sørlandsbanen, er det Jernbanedirektoratet som har ansvaret for å kjøpe tenestene, slik at dei reisande kan få eit tilbod i tråd med den transportpolitikken Stortinget har vedtatt. Statens jernbanetilsyn vil vere rett myndigheit for sikkerheitssertifikatet, fordi Go-Ahead Norge AS berre skal køyre tog i Norge. Dei har allereie starta opp denne prosessen, og Jernbanedirektoratet, som kjøpar togtenesta, har ei klar forventning om at det ikkje skal vere nokre manglar ved sikkerheitsarbeidet til Go-Ahead. Det kan det heller ikkje vere, for då får ikkje selskapet lov til å køyre tog. Avgjerda ligg hos norske myndigheiter, så enkelt er det.
Både den norske regjeringa og EU ønskjer å leggje til rette for eit betre fungerande jernbanesystem. Poenget med den fjerde jernbanepakka er å fjerne unødvendige krav og repeterande prosessar, slik at det blir enklare, rimelegare og meir effektivt å byggje, vedlikehalde og drive jernbanen. Vi ønskjer å få meir jernbane og eit betre togtilbod for skattepengane som vi kvart år brukar på jernbanen her i landet. Sjølv om mistrua mot EU-systemet er sterk i visse delar av den norske politiske sfæren, må ein sette seg ned og sjå på kva som eigentleg ligg i dei nye ordningane som kjem. Sjølv er eg EU-motstandar, men eg er sikker på at den fjerde jernbanepakka vil vere bra for både norsk og europeisk jernbane.