Terningkast 4: OLAV VESAAS: å vera i livet

Av
Artikkelen er over 12 år gammel

Det Norske Samlaget

DEL

I haust er det 100 år sidan tryslingen Halldis Moren Vesaas vart fødd. No har sonen Olav Vesaas samla all dokumentasjon om livet til mora. Det har blitt ein koloss av ei bok, der ein får informasjon om familien til Halldis før ho kom til verda og korleis vegen gjekk framover til ho vart ein av landets største diktarar. Vesaas-sonen skriv lett og nynorsken er grei å hanskast med. Ho vart altså fødd i Trysil som dotter til Sven Moren. Sjølv debuterte ho med diktsamlinga «Harpe og dolk» i 1929. Etter dette vart det fleire diktsamlingar, barne– og ungdomsbøker og mykje annan litteratur.

Ein biografi om ei mor vil alltid vere vanskeleg å skrive for ein son. Derfor er det kanskje her ein mangel at han ikke klarer å setje mor si inn i ein større samanheng i litteraturhistoria. For det er klart at Halldis Moren Vesaas, som var i krinsen av Noregs viktigste diktarar, var ei foregangskvinne. Og det skjedde i ei tid då det slett ikkje var så lett å vera i livet som kvinne. Ho var som kjend saman med ein annan stor forfattar, nemleg Tarjei Vesaas. Samlivet mellom desse to blir i boka teikna til å vere eit lukkeleg samliv. Og så lengje Olav Vesaas sjølv ikkje kan hugse at dei to nokon gong krangla, er det kanskje ikkje så lett å finne ut så mykje meir om ekteskapet. No pirker han riktignok borti eit forhold som mora hadde til den svenske lyrikaren Erik Blomberg i 1955. I dagboka skriv Halldis om dette: «Å, at eg gamle mennesket kunne vera så dum». Men det blir med pirkinga. Det er kanskje likeså greitt. Ein biografi treng ikkje vere grafsande for å vere interessant. For alt i alt har vi, i likskap med forfattaren, blitt betre kjent med Halldis og hennar liv. I enkelte delar av boka er det mange detaljer, og frå andre hald har Olav Vesaas fått kritikk for det. Eg konstaterer berre at sonen med dette har fått fram eit bilete av mora som er utfyllande og heilt.

Artikkeltags