Noregs Mållag hardt ut mot NTNUs «tulle-nynorsk»

Denne oppgaven er stridens kjerne. Arkivbilde

Denne oppgaven er stridens kjerne. Arkivbilde

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

OA omtalte tirsdag nynorskversjonen av en eksamen ved NTNU i Gjøvik som mildt sagt har fått gjennomgå i sosiale medier.

Nå har Noregs Mållag sendt ut en pressemelding der organisasjonen i klare ordelag uttrykker sin mening om dette.

Les pressemeldingen her

«Noregs Mållag reagerer sterkt på at Høgskulen NTNU på Gjøvik har så dårlege rutinar på å lage eksamensoppgåver at dei presterer å produsere byggfag-eksamen på «tulle»-nynorsk. Det er lett å mistenke at dette botnar i mangel på respekt for språket og for kandidatar som er i sin fulle rett til å krevje eksamen på nynorsk.

- No vil vi ha ei forklaring frå rektor Jørn Wroldsen på at ein slik flause kan skje, og vi håpar at dei ansvarlege på høgskulen på Gjøvik får ei skikkeleg oppstramming og at rutinane blir endra slik at eksamensoppgåvene til Ingeborg Steine Jensen og andre kandidatar blir skikkeleg språkvaska heretter, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.

I norsk høgare utdanning har kandidatar krav på å få velje målform, og på at oppgåvene språkleg sett ikkje er utforma på eit vis som forstyrrar konsentrasjonen rundt tema for sjølve eksamen. Dessverre er ikkje vi i Mållaget overraska over denne flausen - vi veit at dårleg språk florerer i lokalt produserte eksamensoppgåver. Norsk Målungdom har dokumentert slike saker i mange år. Blant anna har masterstudent Jorunn Simonsen Thingnes funne bøyingsfeil i 94,7 prosent av eksamensoppgåvene som er gitt på nynorsk på Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Universitetet i Oslo.

- Vi ber statsråd Torbjørn Røe Isaksen og Utdanningsdirektoratet ta opp dette spørsmålet prinsipielt med høgskulesystemet slik at kompetansen i nynorsk blir styrkt og kontrollrutinar innskjerpa, seier Aasbrenn.»

Artikkeltags