Gå til sidens hovedinnhold

Nei til skatt på frivilligheit

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

I Noreg er frivilligheit og dugnad honnørord. Det er vi alle einige om. Frivilligheita gjev oss eit betre og meir inkluderande samfunn. Det kan vi alle vere einige om. Kvifor skal då dugnad for å halde hjula i gang i frivillige organisasjonar skattleggast? Det vil Norges Bygdekvinnelag ha ein slutt på.

Det frivillege Noreg er stort. Større enn du kanskje har tenkt over. Statistisk sentralbyrå har rekna ut at arbeidsinnsatsen i dei frivillege organisasjonane tilseier 142 000 årsverk. Verdiskapinga utgjorde 78 milliardar kroner i 2018. I dag må frivillegheita betale skatt på dugnadsinnsatsen.

Tusenvis av barn og unge sine fritidsaktiviteter, idrettsaktivitetar, sangkor, inkludering og demokratibygging er berre nokre døme på aktivitetar som er avhengig av frivillegheita. Store deler av samfunnet er bygd på frivilleg innsats.Likevel er drifta av frivillege organisasjonar prega av ein usikker økonomisk situasjon frå år til år.Mykje er avhengig av dugnad, kaffe og vaffelsal. Det er usikre inntekter som skattleggast.

Kronene fra kaffesalet brukar organisasjonane til å løyse viktige samfunnsoppgåver og gje oss eit godt samfunn. Kva hadde heimstaden din vore utan engasjerte frivillege som arrangerar juletrefestar, lagar møteplassar, bygger gapahukar og som tek i mot og gjev plass til innflyttarar.

Regjeringa sier at dei vil legge til rette for frivilleg sektor, og den viktige samfunnsnytta den representerer. Då er det på høg tid å betre organisasjonane sin økonomi. Det handler om kva slags samfunn vi vil ha. Frivilligheita treng gode og forutsigbare rammevilkår som legg til rette for engasjement og gjer det enklare å drive frivillege organisasjonar.

Stortinget kan vedta. I dag bestemmer politikarane fra år til år kor mykje av momsutgiftene som skal kompenserast. Det skjer gjennom statsbudsjettet. Der vert det sett av ein pott med pengar som fordelast til dei som har søkt om kompensasjon. Sidan det vert søkt om meir enn Stortinget har gjeve penger til, får alle litt mindre tilbake . I praksis betyr det at staten tek inn skatt på dugnadsinnsats. Vi ber difor om at Stortinget no vedtek full momskompensasjon for frivillege organisasjonar.

Også grunnstøtta til frivillege organisasjonar må aukast. Ein høgre del frie midlar vil gje oss moglegheit til å planlegge og skape aktivitet på eigne premiss.

For er det ein ting som er sikkert, så er det at frivillegheita bidreg der det trengst. Vi er sikre på at vi treng møteplassane, fellesskapet, det ulønna arbeidet og hjelpa dei frivillege bidreg med for å få samfunnet til å gå rundt.

Kommentarer til denne saken