Gå til sidens hovedinnhold

Næringsutvikling i bygd og by

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Vi har hatt 8 år med blå-blå regjering der dei har brukt tida til utgreiingar, produksjon av strategiar, NOU-ar og sentraliserande reformar utan konkrete handlingar. Samtidig har vi som fylkeskommune verken fått nye reiskap i verktøykassa eller tilstrekkeleg økonomi for å fylle rolla som regional utviklingsaktør på den måten vi ynskjer.

To av utvala som har vore i sving er Distriktsnæringsutvalet (NOU 2020:12) og Demografiutvalet (NOU 2020:15), som har evaluert distriktspolitikken. Spesielt demografiutvalet skisserte ei dramatisk utvikling i distrikta om det ikkje blir teke sterke verkemiddel i bruk. Distriktsnæringsutvalet kom ikkje med eit einaste større grep for å styrke verkemiddelbruken eller verkemiddelapparatet, sjølv om dei peikte på svakheiter.

For fylkeskommunen har regjeringa gjort store kutt i regionale utviklingsmiddel. I 2010 hadde Hedmark og Oppland til saman 161,8 mill. kronar til dette føremålet, men nå i 2020 er dette nede på 102,8 mill. kronar. Altså eit kutt på om lag 60 mill. kronar pr. år som fylket i samarbeid med næringsliv, og kommunar kunne drivi næringsutvikling og omstilling med. Dei kommunale næringsfonda vart kutta frå og med 2014 og dermed vart da 25,9 millionar som kommunar kunne bruke til næringsutvikling også nulla ut.

Regjeringa har også endra innretning, mål og retningsliner og gjort det vanskeleg å få oversikt over endringane, men graden av friheit rundt bruken av midla har vorte gradvis innskrenka og øyremerkinga har vorte sterkare. Distriktsmidla, dei såkalla frie midla er radert bort. Som eksempel var desse i 2010 62 mill. kroner i Hedmark, mens dei var 6,1 mill. kroner i 2019. Tilsvarande tal for Oppland var 62 mill. kroner i 2010 og 3,9 mill. kroner i 2019. Eit kutt på heile 114 mill. kroner til saman pr. år!

Grunngjevinga frå regjeringa for regionreforma var at med større og meir funksjonelle fylkeskommunar ville det styrke både lokaldemokratiet og vekstkrafta. Den skulle legge grunnlaget for samarbeid med andre regionale aktørar og få ei styrka samfunnsutvikling. Det vart satt ned eit utval som skulle sjå på nye oppgåver til fylkeskommunen. Desse oppgåvene har kome litt stykkevis og delt, og dei heilt store oppgåvene lot vente på seg.

Det har vore gjort ei kartlegging på kommunal næringsinnsats slik den viser seg i distriktskommunane i 2020. Det vart stilt spørsmål om kor viktig samarbeidet med ulike instansar var for å lykkast. Det var eigen fylkeskommune, Innovasjon Norge og lokal næringsforeining som kom på topp, der fylkeskommunen var den klart viktigaste samarbeidspartnaren.

Det samarbeidet som fylkeskommunen, kommunane, næringslivet og verkemiddelapparatet har og skal ha, er avgjerande for den utviklinga vi ynskjer for våre lokalsamfunn og innbyggarar. Her har ikkje regjeringa levert, og vi må få ein heilt ny kurs og ein ny giv for regionale utviklingsmiddel slik at vi kan sikre, utvikle, skape bulyst og engasjement i alle våre 46 kommunar.

Arbeidarpartiet og Senterpartiet i Innlandet har ei politisk plattform for bygd og by, og skal vi få realisert den må vi ha ei ny regjering!

Kommentarer til denne saken