Musikar og låtskrivar kjem til Fagernes for å halde toradarkurs
Ingunn Bjørgo Foto: Knut Utler
Innsendt Ingunn Bjørgo kjem til Fagernes 25.januar for å halde toradarkurs.
Kurset passar for dei som har spelt toradar ei stund, og som ynskjer å lære meir og utvikle spelet sitt. Målgruppa er også dei som har spelet toradar tidlegare, og som treng inspirasjon til å ta opp att spelinga.
Ingunn Bjørgo er låtskrivar og musikar på toradar og trekkspel, med ein stor produksjon bak seg.
Musikken hennes har nådd eit stort publikum både i Norge og i utlandet, og er brukt av mellom anna av NRK, Helene Bøksle og Trygve Skaug. Ingunn står bak melodien til Trygve Skaug sin julelåt "Et lite minutt", som var A-lista på NRK P1 denne jula. Ho har fleire cd-innspelingar med AskerLadden, Ingunn Bjørgo Band og Bjørgo&Reistad. Ingunn har farsslekta si i Valdres. Ho har dei siste åra delt tida si mellom Asker og Bjørgo i Valdres, der ho har skrivestua si og oppheld seg mykje.
Same dag blir det også kurs for nybyrjarar på toradar, og kurs i gamaldans. Kursa blir haldne på Scandic Valdres på Fagernes, og arrangør er Vårflaumen spel- og dansarlag. På kvelden blir det dansefest med mykje godt dansespel, mellom anna av Ingunn Bjørgo.
Kommentarer til denne saken