De nye museene

REFORM: Det er varslet en ny museumsreform i 2021. Det er uvisst hvordan dette vil slå ut for blant andre Mjøsmuseet, her fra en levende undervisningstime på Amtmannsgården Stenberg.

REFORM: Det er varslet en ny museumsreform i 2021. Det er uvisst hvordan dette vil slå ut for blant andre Mjøsmuseet, her fra en levende undervisningstime på Amtmannsgården Stenberg. Foto:

Av
DEL

MeningerFrå 2020 får vi ein fusjonert fylkeskommune som heiter Innlandet. I tillegg vil fylkeskommunane få overført ein del oppgaver frå staten. Kva for konsekvenser kan dette får for musea – og vidare, kva for konsekvenser kan dette få for utviklinga i Innlandet?

Musea er blant dei største kulturinstitusjonene i Innlandet, og hadde i 2017 300 årsverk, dvs. mykje høg kompetanse som held til i distrikta. Vi hadde 596 290 besøkende og statlig tilskott på kr 159,6 mill. Desse musea har og tilskott frå kommunane og fylkeskommunen, i litt ulike fordelingsbrøkar. Normen er cirka 60 prosent stat, og cirka 40 prosent regionale midlar. Musea har også egeninntekter, som ikkje er med i desse tala. Kistefos-Museet, Aukrustsenteret, Norsk skogfinsk museum, Norsk Jernbanemuseum og Norsk vegmuseum – er ikkje med i dei som får fast driftstilskott frå Kulturdepartementet, slik at deira tal kjem i tillegg.

Musea har eit utstrakt samarbeid med fylkeskommunane, om enn med litt ulike modellar i Hedmark og Oppland. Fylkeskommunane jobber fortløpende med å finne ut korleis dei ynskjer å jobbe med nåværende oppgaver – og nye oppgaver dei får frå staten i den nye fylkeskommunen.

Korleis driftstilskotta til musea blir i framtida, er enda uavklara. Nokre museum vil truleg få slått saman fylkes- og statstilskott til eitt tilskott frå fylkeskommunen. Medan andre vil ha ei direkte forankring i sitt nasjonale arbeid i Kulturdepartementet si løyving. Det kan gjelde til dømes Anno Norsk Skogmuseum, Tater/romanifolkets kulturhistorie ved Anno Glomdalsmuseet, Anno Kvinnemuseet, Lillehammer Museum, Norsk Institutt for Bunad- og folkedrakt ved Valdresmusea, og forhåpentligvis Norsk Fjellmuseum som delvis ligg under Gudbrandsdalsmusea.

Musea er involverte i mykje anna i samarbeid med fylkeskommunen (og staten). Innanfor kulturarv/kulturminne er musea til dømes sterkt involverte i eit samarbeid om bygningsvernrådgjevarar i Oppland, som vi vonar kan utvidast til å gjelde hele Innlandet fylke.

Musea har mykje å gjera med Riksantikvaren og Kulturhistorisk Museum, UiO om kulturminnevern og kulturminneforvaltning. Riksantikvaren sitt regionale arbeid blir delvis flytta ut til fylkeskommunane, dette kan gjelde m.a. dei teknisk industrielle kulturminna Folldal gruver, Atlungstad Brenneri, Klevfoss industrimuseum. Ansvaret for stavkyrkjene eller mellomalderruinar er kkje avklara om dei blir under Riksantikvaren eller ikkje. Kulturhistorisk Museum sitt ansvar for førreformatoriske funn og samiske kulturminne eldre enn 100 år blir truleg uendra.

Arbeidet med materiell og immateriell kultur- og naturarv er ein normal del av musea sitt daglige arbeid, det gjeld dokumentasjon, aktivisering, formidling og forsking i samarbeid med lokale ressurspersoner innan seterkultur, folkedans, tradisjonsmusikk, nasjonale minoriteter, båtbygging, rim og regler ...#8230; – eit stort spekter av tradisjonelle uttrykk og praksisar – og gjerne med lokalt særpreg. I og med at musea dekker hele det geografiske landskapet, har vi gode kontaktar i lokalsamfunna for dette arbeidet.

Musea er og store innan kultur og kulturarrangement, er arena for konserter, konferanser, teater, og store og små arrangement i samarbeid med lokale og regionale aktører, som Sommarsymfonien og Jørn Hilme-stemnet i Valdres, Hamar Middelalderfestival og Dei nordiske jakt- og fiskedagene i Elverum.

Det var ein stor museumsreform for nokre år siden, som resulterte i sammenslåing frå over 300 til 62 fusjonerte museum under Kulturdepartementet. I Oppland vart dette til regionmusea: Valdresmusea AS, Randsfjordmuseet AS, Mjøsmuseet AS og Gudbrandsdalsmusea AS. Desse musea har liknende ansvar for sine regioner – i godt samarbeid med kommunane og lokalbefolkninga. Seinere har Lillehammer Museum vorte utvida med Lillehammer Kunstmuseum. I Hedmark valde dei selve å samle seg i eit museum for hele fylket, Anno. Musea i Innlandet har litt ulike modellar for eigarskap av samlingene og driftsansvar. Men dei fleste har sterkt lokalt eigarskap – og lokal involvering.

Nå har staten varsla ein ny reform, det vil koma ei ny museumsmelding i 2021, og det kan bli krav om ytterligere fusjoner. Korleis dette vil slå ut for Innlandet er det vanskelig å seia.

Det som er viktig for musea er å styrke det gode regionale samarbeidet med lokalsamfunna og styrke kompetansen i regionene ved musea som ein del av overføringa av oppgavefordelinga stat – fylke. Musea ynskjer å videreføre og utvikle det gode samarbeidet med fylkeskommunen og finne gode rolleavklaringer i høve oppgaver og arbeidet ved musea.

Vi har alt etablert Museumsforum Innlandet som ein god fagleg møtestad mellom musea – der også fylkeskommunane er med.                              

Artikkeltags