LO-kongressen er over og eg er som mange andre skuffa over vedtaka om energi og straumprisar. Det har faktisk tatt litt tid å fordøye dette. Det viser seg, som ein del av oss som har vore med i LO ei stund frykta. AP greidde å unngå eit vedtak om å ta meir politisk kontroll på energiområdet. Eg skal ikkje gå i detalj om argumentasjonen her, men krigen og den politiske situasjonen var blant anna brukt som argument. Men straumprisen var jo høg lenge før krigen.

Hovudproblemeter er at vi er knytta til det europeiske straum-markedet og at det styrer prisane i Norge, det ønsker ikkje regjeringa å gjere noko med. EU-politikk er vanskeleg å reversere. Regjeringa ønsker ikkje å utfordre dette systemet. Dette er sjølvsagt ein «ønskedraum» for EU-tilhengarane. Nei til EU har gått til rettsak mot regjeringa, som dei tapte, men den er anka så det er ikkje avgjordt ennå. Regjeringa set ned eit utval for å sjå på saka, det er eit vanleg «triks» i vanskelege saker. Det er heldigvis og sett ned eit alternativt utval med tidlegare LO-sjef Gerd Liv Valla som leiar. Eg forventar at desse utvala går inn på dei grunnleggande problema og ventar i spenning på kva dei kjem fram til.

Ellers er det verd å merke seg at APs energipolitiske talsmann Barth Eide var svært nøgd etter kongressen og snakka om dei marginale kreften som var mot energiprisane. Dei marginale kreften består blant anna av tidlegare LO -eiarar som Gerd Liv Valla og Roar Flaten, energilova sin «far» tidlegare Hydro-direktør og Sp- statsråd Eivind Reiten og ikkje minst svært mange tillitsvalde i industri, jordbruk og andre stader. Til slutt kom og Stein Lier-Hansen i Norsk Industri «på bana» og seier at: - Politikerne må vurdere å sette en grense for hvor mye norske vannmagasiner kan bli tappet ned. Jeg tror kraftselskapene fortsatt kan tjene gode penger, selv uten å tappe ned så mye som i dag.

Dette fekk han ikkje LO-kongressen med på.

No må vi satse på at dei marginale kreften vert enda fleire og ikkje gir seg så lett.