Mange spørsmål om mattilgang vil melde seg i nær framtid

Av
DEL

MeningerNoreng er ramma av krise. Mange er allereie råka på ymse vis, men enno er vi i byrjinga av noko somingen har oversikt over. Ingen ser førebels nokon sikker veg ut av uføret. Usikkerheit preger oss både som samfunn og enkeltmenneskje. Det vi har sett til no, tyder på at folk blir engstelege for eigeforsyning av millom anna mat. I ein nasjon, er det alltid styresmaktene som har det overordna ansvaret for at det er tilgang på nok og trygg mat for befolkningen til ei kvar tid. Eit spørsmål blir da om vi kan føle oss trygge på at dei grepa styresmaktene har vektlagt gjev matsikkerheit. I Noreg har vi basert forsyninga av mat på stor grad av import, både av råvarer og meire ferdigprodukt. Vår eige matproduksjon er delvis tufta på import av fòrråvarer. Det går raskt opp for oss at sjølforsyninga av mat til det norske folket er kritisk låg. Nasjoner vi vanlegvis importere mat frå kan fort stengje grensene for eksport. Dei ynskjer sjølsagt å sikre forsynger åt sitt eige folk.

Det er berre stutt tid sidan «Klimakur 2030» var lagt fram. Der kunne vi lese at det norske jordbruket ,(les produksjon av mat), måtte slankast betydeleg. Grunngjevinga var at drøvtyggarane er svært øydelegjande for klima og miljø. Nesten alt av husdyrprodukt har stanga i marknadstaket. Så pluteseleg dukker det opp eit lite virus som set oss alle meir eller mindre ut av spel. Spørsmål om den norske matforsyninga blir sentral. Korleis blir framtida dersom det no blir restriksjoner på import? Viser allerie at behovet for import av storfekjøt er ynskjeleg. Kanskje kan vi bruke opp lagret av norske lam fyrst?

Mange spørsmål om mattilgang vil melde seg i nær framtid. Det som er sikkert er at vi må sikre norsk matforsyning på ein langt meire bærekraftig måte enn det myndigheitene har lagt opp til. Beredskapslager av mat-, og såkorn, auka utnytting av beite og grasressursane og ei rask endring av tiltaksmidlene slik at korn-, potet og grønsaker blir dyrka på alle aktuelle areal. I tillegg til dette må vi leggje til rette slik at alle ubrukte arealer kjem i bruk på nytt. Vi har no på to år vore ramma av to kriser som båe råkar den norske matforsyninga. Tørkesumaren 2018, og koronavirus 2020. Fleire kriser vil komme. Det er heilt avgjerande at politikarar, bønder og forbrukarar innser alvoret. Den norske matforsyninga må tuftast «på plogkjøl og ikkje på skipskjøl», slik tidlegare generalsekretær i Noregs Bondelag Paul M Dalberg ein gong så klokt sa.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags