Gå til sidens hovedinnhold

Levelyst i og på bygdene

Kronikk Dette er en kronikk, skrevet av en ekstern bidragsyter. Kronikken gir uttrykk for skribentens holdninger.

Korleis skal vi halda på ungdomen, og andre gonger, korleis skal vi få dei til å koma tilbake hit etter endt utdanning?

Arbeidsplassar er sjølvsagt viktig, men også kva vi kan tilby utanom.

Nyleg vart det satt ned eit utval som vart leia av Victor Normann, etter oppdrag frå regjeringa. Dei har kome med ei rekke innspel til korleis ein kan fremje levelysta på bygdene. Her er det mange gode forslag som det er lagt opp til at ein kan koma med innspel og kommentarar til. Desse ligg som forslag i NOU 2020:15.

Men det er særleg eit av dei har vi bite oss merke i, og det er forslaget som vil fremja ei «tilskuddsordning som gir økonomisk bistand til sanering av skjemmende objekter». Vi meiner dette kapittelet er problematisk.

Og vidare: «I områder der folketallet har gått ned over tid, vil man også kunne se bygningsmessig forfall og fysisk forslumming. Det koster å vedlikeholde en bygnings-masse. Det koster også å rive, og eiernes motivasjon for å bruke tid og ressurser på en mer eller mindre verdiløs bygningsmasse er ofte lav.

Opphoping av bilvrak og annet skrot underbygger mange steder inntrykket av forlatthet, og det bidrar til å redusere stedets attraktivitet både for gjester og fastboende. Så vel natur- som kulturlandskap er å anse som fellesgoder. Derfor angår ikke fysisk forslumming bare lokalsamfunnet, det berører også nasjonale verdier. Danmark har siden 2010 hatt en ordning med statlig delfinansiering til renovering eller riving av falleferdige hus.

Evalueringer har vist at denne ordningen i stor grad blir vurdert å bidra til et mer attraktivt lokalmiljø. En tilskuddsordning som gir økonomisk bistand til sanering av skjemmende objekter, særlig en ordning som retter seg mot de mest eksponerte bygningene og arealene, ville kunne bidra positivt til stedsutvikling i områder der fysisk forslumming er påtakelig eller truer. En slik ordning ville også gjøre det lettere for en kommune å øve press mot eierne av bygningene og arealene.»

Slike miljø finst, og ei opprydding kan vera på sin plass. Men kven skal bestemma kriteriane? Ofte er det opp til auge som ser. Det som er skrap for nokre, er for andre moglegheiter og uerstattelege kulturminneverdiar.

Vi veit i dag at ein av dei største miljøsyndarane i samfunnet er byggenæringa. Mykje av den eksisterande bygningsmassa blir rive – og nytt blir bygd. Både rivinga og produksjonen av nye materialar er svært energikrevjande.

Det er heldigvis tunge aktørar, også utanom dei med sterke verneinteresser, som ser at det i mange tilfelle er betre å setja i stand enn å riva og bygga nytt. Det er betre for miljøet, og kan bidra til å gjera bygdene våre meir interessante, både å bu i og besøke. Vi må bli flinkare til å tilpasse ny bruk til gamle hus. Vi må bli flinkare til å sjå den eldre bygningsmassen som ein resurs. Og ikkje berre som ein bolig, men også som miljøskapande for dei mange turistkommunane i Noreg. Både dei tilreisande og vi som bur her vil ha noko godt å sjå på i kulturlandskapet.

Om det no blir slik at ein kan få støtte til å riva det sume vil kalle skjemmande bygningsmasse, fryktar vi at dette kan få alvorlege konsekvensar for kulturminna. Kommunane, som er tiltenkt ei rolle i denne vurderinga, har ofte liten kompetanse på området og viljen til å søkje kontakt med dei kulturminnefaglege miljø er heller liten. Og sjølv om Riksantikvaren no vender seg til kommunane og ber dei samordne kulturminneinnsatsen sin betre med musea og fylkeskommunane, er det i praksis fåe av kommunane som vil gjere det. Viljen til vern er ofte svak, særleg i dei mindre kommunane. Riving av hus skjer i stor skala, gjennom kommunale vedtak etter plan- og bygningslova.

Kommunane treng hjelp til å sjå alternativa til riving, ikkje insentiv til meir riving. Hovudmålet bør alltid vera å ta vare på, setja i stand og bruke bygningane vi har.

Historia viser at vilkåra for bevaring er svak. Historia viser at vi ofte tok feil

I staden for å få støtte til å riva, bør rammene for å setja i stand og ta vare på bli større. Moglegheitene som huseigarar har til tilskott frå Kulturminnefondet og SMIL-ordninga er viktige, men rammene her må aukast, ikkje bli mindre, slik regjeringa nettopp vedtok.

Når det vert bevilga pengar til restaureringar kjem behovet for at fleire utdannar seg innan bygningsvernet. Antikvarisk handverk er ei vekstnæring. Eit ledd i å skapa bulyst og å ta vare på ungdomen på bygda, er å visa at vi har bruk for dei, og at historiske bygningar kan vere ein ressurs, ein verdi, eit gode. Vi skal vera stolte av det vi har, og vise respekt for kvalitetar og godt handverk. Det vi riv blir borte for alltid, både dei aktuelle objekta og historia.

Skal me nå dei nasjonale kulturminnemåla, om at kulturminne blir sikra som eit gode og ein ressurs for ettertida, må ikkje staten skapa usikkerheit rundt kulturminnepolitikken. Det gjer denne NOU-en. I staden må ein følgje måla uttrykt gjennom stortingsmelding 16, nye mål for kulturmiljøpolitikken, som vart lagt fram i april i år. Med den seier regjeringa at «gjenbruk og istandsetting av kulturminne er samfunnsnyttig av omsyn til klima, ressursbruk og økonomi.»

Statsråd Rotevatn, som har ansvaret for kulturminnepolitikken, seier at «kulturmiljø er eit felles gode som kan bidra til både miljømessig, sosial og økonomisk berekraft. Slik sett er kulturmiljø ein del av løysinga på samfunnsutfordringane i vår tid».

Kommentarer til denne saken