Samfunnsutvikling for folk og landskap

Artikkelen er over 5 år gammel

I ei tid der landet er i strukturendring og nye kart skal teiknast, kan regionalparkarbeid vera ein av fleire metodar for samfunnsutvikling i område med store kultur- og naturverdiar.

DEL

Spørsmålet er om dette vil vera ein framtidsretta metode i det vidare arbeidet med samfunnsutviklinga. Vi meiner den kan vera det, og bygger mellom anna på kunnskap i rapporten frå 2014 «Resultat og meirverdi frå 6 regionalparkar i Norge» i regi av Distriktssenteret. I tillegg har Agderforskning arbeidd med evaluering av Valdres Natur- og Kulturpark etter 7 år, og er i gang med forskingsprosjektet BIOSREG i samarbeid med Lister regionalparkprosjekt.

Regionalparken fungerer som ein samarbeidsplattform og ein organisatorisk «paraply» for ulike typar utviklingsprosjekt. Den fyller eit mellomrom i den lokale samfunnsutviklinga. Regionalparkane kan dermed skapa ein arena for samhandling mellom aktørar frå ulike organisasjonar, mellom ulike forvaltningsnivå og mellom offentlege og private institusjonar. Rapporten til Distriktssenteret viser at etableringa av regionalparkar har gitt ein meirverdi både for samhandling og verdiskaping i norske kommunar og lokalsamfunn. Samstundes er regionalt samarbeid utfordrande og krev kontinuerleg dialog for å skapa felles forståing for utvikling. Den langsiktige tenkinga rundt arbeidet med regionalparkar, kombinert med godt samspel og høg grad av tillit til kvarandre, vil vera avgjerande for sjå positive effektar på lengre sikt.

Samfunnsutvikling krev engasjement frå mange ulike aktørar i lokalsamfunnet. Samtidig er det ein samansett prosess der ulike og motstridande interesser og verdiar skal sjåast i samanheng og vegast mot kvarandre. I mindre kommunar er kommuneorganisasjonen den viktigaste utviklingsaktøren. Men utviklingsrolla er utfordrande å fylla. Den krev at kommunen sit med ein viss utviklingskapasitet og på same tid kunne legge til rette for samhandling med fleire aktørar i og utanfor kommunen. Det handlar om å ta i bruk utviklingskapasiteten i eit område med felles verdiar, interesser og identitet. Det er i dette treffpunktet at fleire regionalparkar fleire stader i landet har sitt utgangspunkt, og har blitt eit verktøy for samfunnsutvikling.

Regionalparker bidrar dermed til å skape regional utviklingskapasitet. Utviklingskapasitet handlar mellom anna om kultur for å få til eit godt samarbeid både mellom offentlege og private aktørar, og på tvers av etablerte strukturar. Det handlar og om at det eksisterer ein type leiarskap som kan vera eit lokomotiv for framdrifta og utviklinga. Til slutt handlar d et sjølvsagt også om ressursar som tid, økonomi og ikkje minst kompetanse til å drive utviklinga.

I dag ser vi eit Norge i rask endring. Ein stor kommunereform er på trappene. Den vil ha betyding for mange norske kommunar og lokalsamfunn. Det gjeld både dei som ligg i distrikta og dei som ligg i dei meir sentrale områda i nærleiken av byar. Fleire av regionalparkane har utspring i både lokalsamfunna og kommunane, der ein i fleire år har arbeidd på tvers av kommunegrensene og ofte i tett tilknyting til private aktørar. Difor kan regionalparkane vera med å gi viktige bidrag inn i arbeidet med kommunereforma. Det gjeld spesielt på samspelet mellom det offentleg apparatet og private aktørar. Nokre stader ser vi og at regionalparkane skapar stor medverknad og engasjement i lokalsamfunna og kommunane. Der regionalparkar er etablert og det det pågår regionalparkprosjekt, kan det bidra til å oppretthalda det regionale utviklingsfokuset i ei tid med krevjande kommunale forhandlingar om organisering, tenesteyting og lokalisering.

Valdres Natur- og Kulturpark har gjennom 7 år skapt ein arena for samhandling mellom seks kommunar, store deler av næringslivet og kulturaktørar og andre foreiningar. Samhandlinga har skapt utviklingsprosessar og resultat som ingen hadde klart å lyfte på eiga hand. Samhandling kan sjølvsagt også vera krevjande, og skape motsetnader og konfliktar. Men den regionale organiseringa sikrar at det er ein arena som opnar for engasjement og medverknad mellom offentlege og private aktørar og på tvers av kommunegrensar. Det kan vise seg å spela ei rolle i prosessen i kommunereforma.

I dag er 5 regionale parkar etablert, (Valdres Natur- og kulturpark, Nærøyfjorden Verdsarvområdet, Telemarkskanalen regionalpark, Haldenkanalen regionalpark og Finnskogen natur- og kulturpark), der 27 kommunar er involvert. I tillegg er det satt i gang 17 regionalparkprosjekt, frå Lister i sør til Varanger i nord, som har eit mål om å få etablert ein regionalpark på sikt. Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) har i perioden 2012 til 2014 hatt eit eige verdiskapingsprogram for lokale og regionale parkar. Formålet har vore å prøve ut park som modell for lokal samfunnsutvikling. Erfaringane frå dette arbeidet gir viktig kunnskap om verdiskaping basert på natur- og kulturressursar. KMD støttar opp om lokalt og regionalt utviklingsarbeid, med sikte på å få til vekst i heile landet. I arbeidet med parkar er det viktig med eit langsiktig og forpliktande samarbeid mellom regionale styremakter, næringsliv, interessegrupper og menneske som bur og lever i områda.

Ideen om regionalparkar oppstod i fleire europeiske på 50- og 60-tallet. Drivkrafta bak var eit ynskje om berekraftig lokal samfunnsutvikling. Både for å sikre arbeidsplassar og «det gode liv» i rurale strøk, men også for å synliggjera og formidla landskaps- og naturverdiar i områda.

Ein regionalpark er eit definert landskaps- og identitetsområde i Norge. Den har som formål å få til auka samarbeid om ivaretaking og vidareutvikling av natur- og kulturverdiar. Det auka samarbeidet skal styrka næringsmoglegheiter, attraktiviteten og bulysta. På den måten ynskjer parksamarbeidet å skape eit levande lokalsamfunn i bygdene og i bynære område.

Roar Werner Vangsnes

Distriktssenteret

Mikael Vasstrøm

Agderforskning

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken