Meir nynorsk i media

Artikkelen er over 6 år gammel

Valdres Mållag ser det som si oppgåve å påverke til mest mogleg bruk av nynorsk over alt i samfunnet, og særleg i lokale medium. Som aktiv kulturformidlar og språkrøktar ønskjer vi å vere med og styrke nynorsken sin plass i medielandskapet i Valdres.

DEL

Supertilbud: 5 kr for alt innhold på nett i 5 uker

Opplæringsmålet i fleirtalet av valdreskommunane er nynorsk. Vi meiner det er viktig at barn og unge møter sitt eige skriftspråk i ulike medium. Dette gjeld både gjennom trykte organ som til dømes avisene Valdres og Oppland Arbeiderblad, på papir og nett, TV- og radiomedium som Valdres Radio og NRK Hedmark og Oppland, og ymse heimesider som til dømes www.valdres.no.

I 2005 vart Valdres-dialekta kåra til landets mest populære dialekt. Vi oppfordrar derfor alle til å halde på dialekta si, og til å bruke nynorsk som skriftspråk. Nynorsk er kulturhistorie, og denne kulturhistoria bør formidlast vidare til oppveksande generasjonar.

«Gjennom ord blir verda stor», heiter barnehagekampanjen til Noregs Mållag. Valdres Mållag utfordrar og oppfordrar med dette media i Valdres til å bli med på denne dugnaden for nynorsk og dialektar, og til å vise samfunnsansvar for språk og tradisjonar.

Valdres har mykje å vere stolt av, og media våre har eit særleg ansvar for å formidle dette på det språket som ligg oss nærmast.

Årsmøtet i Valdres Mållag

Artikkeltags