Kven eig stad­namna våre?

Av
Artikkelen er over 9 år gammel

I dag har vi fem hovudgrupper namn på kart i forskjellige målestokkar:

DEL

Leserbrev 1. Stadnamn på anna enn gardar på kart i målestokk 1:50.000 (N50), 1:250.000 (N250) og mindre. For eksempel namn på fjell, vatn, åsar o.s.b. Skrivemåten på disse namna er henta frå N50-karta til Statens Kartverk og er sterkt normalisert i forhold til dialektuttalen.

2. Dei same stadnamna på Økonomisk Kartverk (ØK) i målestokkar 1:5000 og 1:10.000. Skrivemåten vart bestemt av lokale stadnamnfolk då ØK vart etablert og skrivemåten er i all hovudsak som dialektuttalen.

3. Gardsnamn på kart i målestokk 1:50.000 (N50). Skrivemåten her er og sterkt normalisert i forhold til dialektuttalen og har i tillegg den svært misvisande i-endinga på mange namn. For eksempel «Nobbi» og «Skori».

4. Gardsnamn på ØK. Her ligg skrivemåten meir tett opp i mot dialektuttalen. Dei same gardane som i forrige punkt blir her «Nøbben» og «Skøren».

5. Namn på vegar i samband med adresseringsarbeid. Disse namna er fastsett av ei kommunal stadnamnnemnd oppnemnt av kommunestyret.

Dette betyr altså at det er forskjellige skrivemåtar på same staden på forskjellige kart. Det skal ikkje mykje fantasi til for å skjøne at dette er uheldig.

Slik lova er i dag so er det Statens Kartverk som har vedtaksmynde på skrivemåten for punkt 14 dersom det skal registrerast nye stadnamn eller det skal endrast på eksisterande. Det er kun punkt 5 som kommunen har vedtaksmynde på.

Det er og so tunge prosedyrar for å få endra skrivemåten at det er svært mange som kvier seg for å starte prosessen.

I Øystre Slidre har vi hatt ein namneprosess nyleg i samband med adresseringsprosjektet vårt. Der vart det fastsett mange nye vegnamn, sjølvsagt med skrivemåte so nær opp til dialekta vår som mulig. Det vart og endra to vegnamn som var døypt før for å få namninga konsekvent. Det var to vegar i Moadn som endra namn frå «Brattbakken» og «Onstadlia» til «Brattbakkin» og «Onstadlie».

Kor Ivar Aars har det frå at det heiter «Moane» i Øystre Slidre veit ikkje eg, men Øystre Slidre kommune har vedteke at skrivemåten er «Moadn».

Det er og det som står i vårt flotte WEB-kart når du har målestokk 1:2000. Men diverre blir dette endra til «Moane» når du tek opp same område i målestokk 1:30.000 og namna frå N50 sler inn.

Som kartansvarleg i Øystre Slidre og som innbyggar i Valdres med landest finaste dialekt synest eg det er feil at andre enn kommunens stadnamnnemnd skal bestemme skrivemåten på stadnamna i vår kommune.

Namna bør ha ein skrivemåte som ligg so nær opp til den lokale uttalen som mulig.

Dei namna som står på dagens ØK har etter mi meining ein svært god skrivemåte og difor burde dei brukast på kart i alle målestokkar.

Når det gjeld gardsnamn so er det mykje vanskelegare. Det blir svært kunstige og «rare» namn dersom ein skal tvinge alle gardsnamn inn i ei standardisering av skrivemåten.

Difor er min konklusjon at dette bør gardeigaren sjølv bestemme.

Det er hans gard, hans gards­namn og hans identitet. Dersom gardeigaren ikkje har synspunkt på skrivemåten bør ein bruke ØK-namna her og.

Med bakgrunn i dette har eg kome fram til at lova bør endrast slik at kommunen får mynde over skrivemåten på alle stadnamn innafor kommunen og gardeigarane over skrivemåten til gardsnamna.

I tillegg bør prosedyrane for å få endra namn gjerast enklare slik at «feil» skrivemåte kan rettast opp utan at det må ta år og dag.

Artikkeltags