Gå til sidens hovedinnhold

«La humla suse» for miljøet

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Det er mykje oppmerksamheit på klima, men ikkje like mykje på miljø. Desse to tema heng tett saman og kva den enkelte av oss gjer påverkar begge delar.

Senterpartiet har lang tradisjon for å markere verdas miljødag, som er 5. juni og har vore markert sidan 1972. I år er temaet restaurering og oppbygging av jorda vår, plante tre, bygge grøne byar, rydde elvarog hav og endre matforbruk.

Akkurat som med klima er bevisstheita kring miljø viktig. Det er lange verdikjeder og misser vi på ei av lenkene kan det får store konsekvensar for resten av kjeda. Alle har eit ansvar for dei økosystema vi lever i og av. Dei forbruksvanane vi etter kvart har fått skapar mykje utslepp, søppel og transport. Derfor har det noko å si om du vel å kjøpe noko på nettet, «made in China», transportert til postkassa di for så å bli kasta i søppelsekken forholdsvis kjapt. Eit anna alternativ er jo å kanskje ikkje kjøpe det du kanskje ikkje treng, eller heller kjøpe det lokalt om det går an. Dette handlar om å vere bevisst dei vala kvar og ein av oss gjer i kvardagen.

Det er mykje vi kan gjere for å både restaurere naturen og sikre oss luft, vann og mat. Vi kan tenkje gjennom forbruket vårt og ha meir fokus på gjenbruk. Vi kan plante tre, gjere samfunnet grønare og hagane våre meir innsektvenlege. Ikkje produsere meir søppel og behandle det søppelet som er rett. Vi treng alle mat og derfor må vi verne om jorda og kulturlandskapet gjennom fornuftig bruk og utvikling. Skogen er vår grøne lunge og må skjøttast og forvaltast i eit langsiktig perspektiv gjennom berekraftig bruk og hausting.

Det er så lett å tenkje at dette gjeld ikkje meg. Men tenk over neste gong du kjøper noko du eigentleg ikkje treng, at det skapar enda meir søppel. Eller om du vel å kjøpe biff frå Argentina i staden for ein som er økologisk produsert frå Toten, at den biffen har reist jorda rundt for å ligge på din tallerken. Treng vi fire-felts motorveg i det omfanget som blir planlagt, eller kan vi heller klare oss med ein meir trafikksikker veg ved å ha to til tre-felts veg og midtdelar her og der. Ta bussen eller toget i staden for bilen når du kan det. Ull er kanskje betre enn flis. Blomster betre enn plen. Kvardagen er full av gode miljøval.

Vi kan ikkje la humla suse for miljøet, men la ho suse i eit miljø der humla trivst og suser frå blome til blome. God miljødag!

Kommentarer til denne saken