Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Det er forbausande stille frå det største opposisjonspartiet og Erna om det som betyr mest for beredskapen vår og lommeboka til den enkelte om dagen. Erna og Bent losa oss gjennom koronaen med eit Storting i ryggen med oljemilliardar og tiltakspakker. Det var ein pandemi med sterke bilde i media frå sjukehus og nedstengde byar og vi fekk eit tydeleg bilde på kor såbare vi er og lite sjølvberga vi har gjort oss.
Vi fekk kontroll på pandemien, kvardagen normaliserte seg og eit nytt Storting med ny regjering såg dagens ljos. Ei regjering som ville ha ein ny fordelingspolitikk og som ville bruke dei neste fire åra på å utvikle heile landet med rettferdig fordeling og sikre velferdstenester til folk.
Så kom sjokkerande nyheiter og bilde i media frå Russland sin innovasjon av Ukraina med flyktningar, strømpriskrise, prisauke og aktualisering av kor sårbare vi som nasjon har gjort oss i kjølvatnet av dette. Dette har fått konsekvensar både for staten og for den enkelte. Pandemien og nedstenging av samfunnet ga ei rekordrask omstilling med digitalisering og heimekontor. Krig i Europa og aukande prisar gjer at vi må omstille oss enda meir.
Allereie i februar 2021 ba Stortinget Erna om å setje inn tiltak mot aukande strømprisar. Svaret frå Solberg-regjeringa var at det ikkje var behov for det. Til forsvar for det er jo at ingen kunne spå at krigen ville komme med dei forsterkande konsekvensane det ville ha på strømprisane. Men Sp har heile vegen vore kritiske til å sleppe frå oss makta over både eigarskap, prisar og lovverk når det gjeld energi og naturressursar generelt.
Både pandemi, krig, klimautfordringar og energi- og råvarekrise viser kor sårbare vi alle blir om vi ikkje sikrar våre eigne nasjonar basert på den enkelte sine ressursar og humankapital. Nå ser vi verkeleg konsekvensane av for stort fokus på globalisering med blind tru på fri flyt av varer, tenester, personar og kapital. Når denne marknaden ikkje fungerer må nasjonalstaten inn og kompensere, og det ropar ikkje minst dei som sverger til den frie marknaden etter.
Dansen kring gullkalven må på eit eller anna tidspunkt ta slutt. Verda blir ikkje ein betre stad å bu i om færre tener enda meir på at fleire får mindre. Den situasjonen vi står i nå krev felles forståing for at vi må ta grep for å få kontroll på nettopp flyten av varer, tenester, personar og kapital. Da treng vi gode politiske grep og ein felles innsats for å finne langsiktige løysingar som varar lenger enn til neste valkamp, både nasjonalt og internasjonalt. Vi treng breie forlik på Stortinget som samlar og ikkje splittar.
At Høgre og Frp gjer det godt på meiningsmålingar om dagen er derfor interessant. For kva meiner dei eigentleg om korleis vi skal ta Norge gjennom postkorona, om å dempe auka forskjellar, sikre sjølvforsyning og landbruket, trygge velferdstenester og ikkje minst sikre våre naturressursar og energi til ein rimeleg pris for vårt næringsliv og våre innbyggarar?