Krydderkonsert i Tingbygningen på Hunn med Spelmannsprisnominerte Morgonrode!

Morgonrode

Morgonrode Foto:

Av
DEL

Innsendt
Med eit rått og ærleg uttrykk eksperimenterer Morgonrode med tradisjonell og improvisert musikk. Bandet har spelt saman sidan 2015 og har vore å høyre på fleire av dei store folkemusikkscenene og -festivalane i Noreg. I 2019 kom Morgonrode ut med si etterlengta debutplate på plateselskapet Ta:lik Records. Musikken er energifull, tankefull, drivande, var og utforskande, og repertoaret spenner frå springarar og gangarar til salmer, viser og bånsullar.
Eit fritt og oppriktig uttrykk viser Morgonrode sin kreative måte å lage folkemusikk på, der målet er at musikken veks og utfoldar seg fritt i nye himmelretningar. Alle triksa i boka i bruk, når strykekvartettar, tradisjonelle slåttespel, vare folketonar og klangbaserte improvisasjonar smeltar saman til ein overjordisk lyd som berre kan kallast Morgonrodersk. Det er musikk du har gått og venta på utan å eigentlig vite det, og når du fyrst høyrer Morgonrode så fell bitane på plass. Med ein fot i fortida og den andre i framtida dannast ei
inspirerande og spektalulær oppleving av notida.

Selma French Bolstad - nøkkelharpe, hardingfele og vokal
Helga Myhr - hardingfele og vokal
Rasmus Kjorstad - oktavfele og vokal
Fredrik Luhr Dietrichsson - kontrabass
Andreas Winther - trommer og perkusjon


Morgonrode er nominert til Spelmannprisen i år som gruppe!
I tillegg er to av medlemmene av gruppa dobbelnominerte til spelmannsprisen:
Helga Myhr for si første soloplate: ”Natten veller seg ut” produsert av Tuva Syvertsen
Fredrik Luhr Dietrichsson i gruppa Moenje som har gitt ut plata ”Klarvær” ” et lekent samarbeidsprosjekt mellom joik og pols”
Kom og opplev disse dyktige musikerene i Blåsalen på Hunn mandag 2.mars kl 1900!

Artikkeltags