Gå til sidens hovedinnhold

Korleis sleppe undå folkestyret?

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Til fortviling for byråkratiet og ein del toppolitikarar, er det vedteki folkerøysting om fylkesinndeling: Innlandet eller attende til Oppland og Hedmark. Det synest som situasjonen under EU-røystingane tek seg oppatt: Politikarar i maktposisjonar, og media, mot folket, som likevel vann fram.

For å unngå same «tragiske» utfall prøver ein no med nokre nye grep: ungdom under røystealder får vera med å røyste. Eldre blir forsøkt halde undå, ved å avgrense røysting til det digitale. Fylkesordførar og statsforvaltar grip aktivt inn i røystinga, ved å åtvara mot å dele opp fylka att.

Ein som no er ute av politikken, undrar seg noko. Tre hovudargument blir nytta for å halde på Innlandet:

1. Det blir særs dyrt å dele oppatt. Men det var lite tale om økonomi då det vart samanslåing.

2. Mange tilsette må skifte arbeidsplass eller arbeid. Men det vart ikkje høyrt då dei fekk mykje lengre reise til arbeidsplassen ved samanslåinga.

3. Ein skal spara mykje pengar på «stordrift», men kva med lange reiser til ny fylkeshovudstad? Er det berre dei tilsette og fylkespolitikarar som skal med i reknskapen, medan «folk flest», «vanlege folk» skal betala auke reisetid og auka utgifter sjølve?

For ein god del år sidan var underskrivne med på å laga fylkesplan for vidaregåande skular. Me laga slagordet «Det er like langt frå Lom til Lillehammer som frå Lillehammer til Lom». Folk frå Mjøsområdet må òg kunne reise til eit skuletilbod i den såkalla periferien.

No synest dette gløymt, og sentraliseringa held fram.

Distrikt som Nord-Valdres, Land, Hadeland har vorti endå meir «periferi» enn før, og det blir endå vanskelegare enn før å delta i avgjerder eller ha innverknad på dei.

Difor: Ver med å røyste mot sentraliseringa. Krev hjelp frå kommunen til å få røyste. Me vil ikkje bli endå meir «utkant»!

Kommentarer til denne saken