Ser du nokon utan smil, så gjev dei ett av dine

Arkivfoto; Ting og tøy Raufoss

Arkivfoto; Ting og tøy Raufoss

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

MeningerEr me litt flinkare til å tenkja slik i ei førjulstid, slik som no, sjølv om det hadde vore godt for oss alle å ha den tankegangen gjenom heile året. Og kven ville det gagne mest, jau oss sjølve, for me kan alle ha bruk for eit smil frå våre medmenneske når me saknar mest, nettopp det.

Ting og Tøy på Jaren opplever kvar dag at snille folk kjem til oss med «ting og tøy», som dei ikkje har bruk for lenger. Og gjenom heile året får me og tek vare på så utruleg mykje fin julepynt, som no fyller ein stor del av bruktbutikken Ting og Tøy på Jaren. Der bugnar det av alt som tenkjast kan, av saker og ting til å pynte opp med både ute og inne i heimen din, no Julehelga stundar til. Og mange kjem for å gå på «skattejakt» endå dei fleste fortel at dei eigentleg har det meste av det dei treng for å kjenne at advent- og Julestemningen er på veg, no i november myrkret. Men likevel kjøper mange seg ein ny adventskrans, ein engel, ein julenisse eller to, eit julekrus eller fleire, ein ny juleduk eller nye kaffikoppar, for på Ting og Tøy kan ein handle med godt samvet, sidan inntekta av det ein kjøper går til Stiftelsen Ny Start i Øst, www.nystartiost.no som i over 20 år har arbeidt for å hjelpa våre medmenneske i ein vanskeleg livssituasjon.

Og når du handlar på Ting og Tøy på Jaren, eller på Lena, Raufoss, Gjøvik, Moelv, Lillehammer, Vinstra, Otta eller Vågåmo, vert dette ein VINN-VINN situasjon x 5, slik:

VINN-VINN situasjon nr 1: Gleda ved å gje det ein har til overs til Ting og Tøy.

VINN-VINN situasjon nr 2: Gleda ved å få desse gåvene for oss på Ting og Tøy.

VINN-VINN situasjon nr 3: Gleda for kundane våre ved å gjera ein god handel.

VINN-VINN situasjon nr 4: Gleda for våre medmenneske ved å få ei ”hjelpande” hand.

VINN-VINN situasjon nr 5: Gleda ved at så mykje mindre havnar på søppelplassen.

Med ynskje om ei Velsigna Julehelg og eit Fredfylt Nyttår.

Artikkeltags