Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Valdresbanen skal opp til vurdering i fleire kommunestyre i Land og Valdres denne månaden. I forslaget til vedtak går det fram at sporet mellom Bjørgo og Røste i Vestre Toten skal rivast opp. Til saman dreier det seg om 86 kilometer med jernbanespor.
I ei tid med klimakrise og beredskapsutfordringar er det eit dårleg signal å fjerne sporet på banen. Også om ein tenkjer fleire generasjonar framover, er det svært viktig å bevara banen som ein samanhengande trasé. Vi vil dessutan vise til at AS Valdresbanen og venneforeininga Nye Valdresbanen gjennom meir enn 30 år har arrangert togturar og drive dresinutleige på banen, som eit ledd i arbeidet med å ta vare på traseen.
Dresintrafikken er ein populær turistattraksjon som også fremjar folkehelsa og gir eit innblikk i ein viktig del av kulturhistoria i Land og Valdres. Dette står det beklagelegvis ingen ting om i saksutgreiinga som ordføraren og administrasjonen i Nordre Land har sendt vidare til dei andre kommunane.
Nord-Aurdal SV vil frårå at sporet skal rivast opp, og at kommunane skal overta eigarskapen til traseen frå Bane NOR. Fjerning av gjerde, sviller, skjener og kreosothaldige dreneringssviller i undergrunnen, på forsvarleg miljømessig vis, vil bli svært kostbart. Dersom banen skal gjerast om til gang- og sykkelveg, eventuelt skogsbilveg, vil det i tillegg krevja store investeringar i form av brusikring, bygging av kantrekker, tunnelsikring og asfaltlegging. I tillegg kjem årlege vedlikehaldsutgifter.
Nord-Aurdal SV ber kommunestyra om å sørgje for at Valdresbanen som dresinbane blir vurdert i forprosjektet som skal vedtakast av kommunestyra i Land og Valdres.