I Senterpartiet er det medlemmar og grasrota som avgjer kva partiet skal meine. Ordførarar, stortingspolitikarar eller partileiing innrettar seg etter det som blir vedtatt av medlemmar lokalt eller på landsmøtet. Vi er samrøystes når vi seier at kommunesamanslåing – og i alle fall med tvang – sjeldan svarer på utfordringane ein står ovafor i desse dagar. Vår største utfordring er Høgre-regjeringa sin sentraliseringspolitikk!

I OA 10. september skriv Velure i Høgre om kven som avgjer Senterpartiet sine meiningar. Det er tydeleg at det er vanskelig å forstå at partileiaren vår Trygve Slagsvold Vedum både engasjerer seg for sjølv dei mest lokale spørsmåla, og samtidig jobbar i Stortinget for å bøte på skadane av sentraliseringa Høgre-regjeringa driv med. For dei som las heile intervjuet med Sp-ordførar i Lom, såg dei sjølvsagt at det ikkje var kommunesamanslåing som var inngangen. Senterpartiet ynskjer å få på plass ei skikkeleg tiltakspakke både for private og offentlege arbeidsplasser i Nord-Gudbrandsdalen. Når GD på leiarplass har ei overskrift der ordføraren ber staten om hjelp til å slå saman kommunane, vert det heilt feil. For Senterpartiet er det tenester nær folk i heile landet som er hovudpoenget, ikkje korleis kommunegrenser ser ut. Diverre er fokuset til Høgre mykje heller retta mot desse grensene enn korleis tenestene best kan nå dei som skal ha dei.

Senterpartiet er samstemte. Det viktigaste for oss, er at alle skal ha tilgang på like gode tenester same kor dei bur i landet. Med dagens regjering vert det stadig utfordra når kommunane sin utviklingskraft vert sterkt hemma av mangelen på økonomiske verkemidlar. Med lågare tilskot frå staten kombinert med høgare utgiftar og krav, gjer ikkje Høgre-regjeringa det enkelt å vere ein sjølvstendig og mindre kommune i utkanten. Vi treng ein ny Sp-regjering!