Musea i Innlandet representerer den største kulturorganiseringa i fylket. Musea driv for 450 millionar kroner, løner 500 menneske og tek imot ein halv million gjester kvart år. Lenge var musea spydspissen i den regionale reiselivssatsinga, men no stenger fylket kranene. Ser ikkje fylkeskommunen verdien av musea?

Musea er store. Og fylkeskommunen sitt bidrag er lite. 8 prosent av det samla offentlege tilskottet til musea i Innlandet kjem frå fylkeskommunen. Motsett er vi den regionen i landet med det nest høgaste statlege bidraget. I Innlandet er det staten som er storebror. Det høyrest kanskje greitt ut, men ansvaret for eit levedyktig, regionalt kulturliv kan ikkje kvile på staten åleine. Kulturlivet i Noreg er eit spleiselag der alle partar må bidra, også fylkeskommunen.

Frå Kulturrådet, som er direktoratet for musea, har omkvedet gjennom fleire år vore nettopp bekymring for den låge regionale andelen. Og dersom vi i framtida skal ynskje oss meir av dei store, statlege pengane, ja, så må fylkeskommunen erkjenne at den er ein del av spleiselaget. Staten, kommunane, frivillige og private kan ikkje bere byrden aleine. Fylkeskommunen må bidra med meir.

Det er ikkje berre eit blaff dette, men ein tendens over tid – og utsikter i åra som kjem. Heilt fram til 2026. Det er derfor med stor bekymring Museumsforum Innlandet no ser at ressursar til vedlikehald av landets finaste museumssamlingar blir svekka. Og det er med bekymring vi ser at satsing på forsking, mangfald, inkludering, skeive tematikkar, barn, unge og ei rekke samfunnsbyggande tiltak no må settast på vent.

For 2022 reduserte fylkeskommunen tilskottet til musea med 3 prosent. Ved Anno Museum har dei kutta fem stillingar. Det same skjer ved dei andre musea. For 2023 er det foreslått ytterlegare nedtrekk i tilskottet. Og det i ei tid med slitasje og kulturell fatigue, inntektstap og besøkssvikt etter to år med pandemi, og som ikkje det var nok, straumkostnadar og ein prisvekst som stel alle ressursar. Vi blir korkje eventyrlege, inkluderande eller berekraftige av slikt. Vi blir sett 20 år tilbake.

Med nedskjering i tilskottet blir det heller ikkje meir bygningsvern. Dette er ein innsats som har vore banebrytande innfor kulturminnevernet i Noreg, eit tilbod til innbyggarane og eit kjennemerke for musea i Innlandet i mange år. Museums-Noreg har lenge sett til Innlandet. Kva er det no å sjå til når musea her stenger dørene og permitterer? Og det hjelper ikkje å stø seg på dei frivillige, og å snakke om kor viktige musea er for innlandsidentiteten. Vi er rett nok i målgruppa for mange frivillige, men museumssektoren er ikkje frivilligheita. Like lite som barnevernet, aldersheimane og dei vidaregåande skulene er frivilligheita. Frivilligheita bygger heller ikkje bruer.

Med forslaget til 2023-budsjett sviktar Innlandet fylkeskommune musea – og den rolla vi er meint å fylle – som demokratiets infrastruktur, som heimen til oss alle. Det offentlege tilskottet til kulturlivet er uttrykk for ei grunnleggande samfunnskontrakt. I ei tid då verdiar som ytringsrett og respekten for einskildmennesket synest truga, må vi hegne om kontraktar som sikrar desse verdiane. Eit svakt finansiert kulturliv er eit trugsmål mot demokratiet vårt.

Kuttet er prosentvis likt for alle musea. Det råkar hardt, men for Lillehammer kunstmuseum og Lillehammer Museum råkar det særleg hardt. Utover det generelle kuttet til dei ni konsoliderte musea, har ein for Lillehammer kunstmuseum foreslått eit tilleggskutt på over 20 prosent, frå 3,1 millionar kroner i 2022 til 2,5 millionar kroner i 2023. Og det i ein UNESCO-by der ein sjølvsikkert snakkar om byens og museets internasjonale potensiale, og viktigheita av samarbeid med kunst- og kulturinstitusjonar i andre land.

Vi er bekymra for det svake fylkeskommunale bidraget. For når fylket gir mindre, er sjansen stor for at KUD og kommunane vil gjere det same. Smitteeffekten kan bli stor dersom fylkespolitikarane i Innlandet vel å kutte.

Og hugs, museum er inga økonomisk byrde. Det er ein innretning som kommunane og regionen tenar pengar på. 500 museumsarbeidarar betalar skatt til kommunane. Vi kjøper tenester frå teknologimiljø og byggebransje, og vi bidreg til attraksjon og vekst for reiselivet. Innlandet fylkeskommune legg 30 millionar i potten og får 450 millionar tilbake. Museets økonomi er inga byrde, men eit godt bidrag til lokalsamfunnets økonomi.

Museumsforum Innlandet ber Fylkestinget styrke driftstilskottet til musea med same 2,6 prosent, den same veksten som i forslaget til nytt statsbudsjett.