Musea i Innlandet er del av ein sektor der kampen om ressursane blir stadig tøffare. Med museumsreforma frå 2000 endra landskapet seg og 400 museum på landsbasis vart til 70. Spelereglane og forholda institusjonane imellom endra seg òg, og premissa for fagleg utvikling låg ikkje lenger hjå dei store institusjonane åleine. Dei nasjonale oppdraga fekk mindre betydning, og målkrava vart styrd mot inkludering, relevans og samfunnskritikk.

I dag møter dei store musea fagleg motstand frå dei mindre – som sumtid snur seg raskare – i eigen organisasjon og i dialogen med tilskotsgjevarar, organisasjonsliv og kompetansemiljø. Det er bra og skjerpar samhandlinga musea i mellom. Når premissa for fagleg utvikling endrar seg, må ein også samarbeide annleis. Derfor har vi Museumsforum Innlandet.

Samarbeidet funkar svært godt. I forumet møter ni museum til felles innsats for privatarkiv, bygningsvern, museumsutvikling og samfunnsutvikling. Forumet er dessutan eit viktig strategisk møtepunkt der oppgåver og ressurstilgang òg står på agendaen. Samarbeidet med Innlandet fylkeskommune er òg godt, og musea bidreg til å realisere ei rekke samfunnspolitiske mål for fylket, ikkje berre på kulturarvområdet. No har musea meldt seg til tenest for arbeidet med tre nye strategiske planar; inkludering, samfunnssikkerheit, klima og miljø. Det er ikkje openbert at norske museum skal gjere alt dette. Og derfor bør fylkeskommunen legge meir i potten. I 2022 er det ein reell nedgang i tilskottet frå Innlandet fylkeskommune.

Musea har gjennom 1900-talet spelt ei viktig og identitetsskapande rolle. Musea har forvalta arkiv og samlingar etter dei som har levd før oss, men musea har i liten grad våga å gje rom til alt det som ikkje passar inn, som vi ikkje likar eller forstår. Og derfor skal vi gje større plass til mangfaldet av uttrykk, menneske og miljø. Dette er eit viktig mål for Kulturdepartementet, som yter brorparten av tilskottet til musea, og for fylkeskommunen som no inviterer til samarbeid om ein strategisk plan for mangfald og inkludering. På dette området gjer musea i Innlandet allereie mykje med forsking og dokumentasjon på til dømes skeivheit og minoritetar. For dette arbeidet er Kvinnemuseet og Valdresmusea nominert til prisen Årets museum i 2022. Dette skal vi halde fram med, men slike innsatsar kjem ikkje av seg sjølv. Fylkeskommunen må bidra i spleiselaget.

«Alle skal med» er noko mange politikarar seier. Men skal vi tole mangfaldet og breidda, må vi også tole kritikken, og vi må lære oss å sjå verdien av usemja. Slikt er krevjande og Norges Museumsforbund melder stadig om museumsleiarar som kvier seg for å bere fram upopulære standpunkt i diskusjonar om museum og samfunnsutvikling. Det same viser ei ny undersøking frå Fafo. Skal musea vere ein del av demokratiets infrastruktur, må dei vere frie og uavhengige. Dette er eit stort ansvar som kommunane og fylkeskommunen må ta på alvor. Styresmaktene må rose og løne modige kulturinstitusjonar.

Det profesjonelle kulturlivet blir til i eit spleiselag mellom styresmaktene og dei inntektene som kulturlivet sjølv skapar. Dei siste åra har det vorte meir av det siste, og isolert sett er dette bra. Dei eigenskapte inntektene blir som saltet på maten som gjer arbeidet rikare og betre, men dei kan likevel aldri erstatte bidraga frå staten, fylkeskommunen og kommunen.

For dei offentlege tilskotta er uttrykk for ein samfunnskontrakt. Og med denne kontrakta følgjer plikta om å gjere seg til nettopp demokratiets infrastruktur. I ei tid då verdiar som ytringsrett, og respekten for både einskildmennesket og den uavhengige forskinga synest truga, må vi hegne om dei frie kulturinstitusjonane – og den samfunnskontrakta som sikrar nett desse verdiane. Då kan ikkje fylkeskommunen redusere innsatsen sin. Den må yte meir.

Museumsforum Innlandet har uttrykt bekymring for den fallande fylkeskommunale støtta. Det er eit djupt alvor over desse signala. For når fylkeskommunen gir mindre, er sjansen stor for at Kulturdepartementet, Kulturrådet og kommunane vil gjere det same. Smitteeffekten er stor.

Dersom musea skal halde fram den store innsatsen overfor fylkeskommunen og samfunnet, må fylkespolitikarane tenkje annleis om bidraget deira. Då kan vi ikkje utfordre gamle kontraktar.