Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
OA utfordrar regjeringa på leiarplass 24. juni om drivstoff. Eg er einig i at drivstoff er dyrt no, og vil minne om at Senterpartiet kutta i avgiftene for 2022. No har likevel kostnadsauke generelt i verda gjort at pumpeprisen stig. Frp ropar høgt, men vil heller ikkje fjerne momsen.
Høgre og Solberg-regjeringa la fram budsjettet for 2022 fyrst i oktober, før regjeringa vart bytta ut med Senterparti-Ap-regjeringa. 8. november la ny regjering fram viktige justeringar, deriblant kutt i vegbruksavgifta for diesel med 26 øre og bensin med 22 øre samanlikna med kva Solberg-regjeringa foreslo.
Frp flyg no rundt i hevdar dei ville gjort så mykje meir. Nyleg hadde Stortinget forslag om dette til handsaming, og eit nær samla Storting vil ikkje sette ned drivstoffavgiftene: Ap, H, Sp, SV, R, V, MDG og KrF (Dok. 8:150 S, jf. Innst. 265 S). Frp foreslår ikkje ei fjerning av momsen, men vil følgje med på korleis prisane utviklar seg vidare.
Vi i Senterpartiet er opptatt av å kutte i avgiftene til folk, og vil gjere meir av det når det ikkje gjev fare for å fyre oppunder prisveksten og gje norske hushaldingar ytterlegare rentehevingar. I dagens situasjon prioriterer vi:
1. Å styrke den militære og sivile beredskapen vår.
2. Å få ned skilnadane på tvers av kva folk tener og kor dei bur. Difor har dei som tener under 750 000 kroner fått mindre i skatt, barnehageprisane er redusert og dei som pendlar og tar ferjer har fått mindre rekningar.
3. Å få ned straumrekningane på kort og lang sikt.
4. Å unngå ein større renteoppgang enn varsla. I strame økonomiske tider er det ekstra viktig for heile Noreg at Senterpartiet styrer.
Det manglar arbeidskraft i fleire næringar samtidig som vi har den lågaste arbeidsløysa i Noreg sidan 2008, og ei internasjonal råvarekrise, er det lite tilgjengelege ressursar i norsk økonomi. Det er mangel på arbeidskraft og innsatsvarene er dyre. Det er den krevjande situasjonen vi står i som gjere at vi må halde igjen på pengebruken. Når det er knappheit på ressursar som er årsaka til høge prisar vil tilførsel av meir pengar berre gje høgare prisvekst – ting vil bli endå dyrare, og renta vil stige endå meir. Vi må halde att på den offentlege pengebruken for å unngå å fyre oppunder prisveksten. Ein større prisvekstspiral kan gjere at Noregs Bank må sette opp styringsrenta meir enn det dei allereie har varsla.
Vi er på gjeldstoppen i Europa. Større renteauker er difor den største trusselen for økonomien til mange norske hushaldingar, næringsdrivande og kommunar. Straum er ei anna stor utgift. Difor har regjeringa prioritert å innføre ei straumstønadsordning ut mars neste år. På same tid som vi jobbar med varige grep som fastprisavtale, kontroll over straumeksporten og tilgang på meir fornybar kraft.