Forsvinn folkestyret?

Av
DEL

MeningerDelegering og effektivisering; honnørord som skygger for svekking av folkestyret?

Kommunestyret diskuterer, er på befaring, vedtek budsjett og drøfter årsmelding – men kva så? Dei fleste sakene er «delegert». Er det rådmann og adminstrasjon som driv politikk medan lokalpolitikarane ser på?

Ein leitar med lys og lykte etter nye arbeidsplassar – men effektiviserer bort lærar- og vaktmeisterstillingar og så vidare. Er dette gjennnomtenkt?

Avgjerd mest mogleg lokalt er stikkord, men tvangssamanslåingar og nedleggingar på tvers av lokale ynskje er verkelegheita.

Nord-Aurdal kommunerstyre drøfta seriøst og gav råd om kvar postkontor skulle liggje; Aurdal eller Leira? Så snart fleire vart lagt ned, kom melding om at alle skulle vekk, eitt postkontor i fylket var nok! Kven bestemmer?

Oppland og Hedmark vart slått saman trass i nei frå båe fylkesting. For ein del år sidan vart distriktsradioane i dei to fylke slått saman. I departementet vart det då sagt at «Me kan ikkje gå mot vedtaket, for då går kringkastingsstyret av, og det blir krise! (Og kva så?)

Trass i to folkerøystingar med klårt svar blir spørsmålet om samanslåing av valdreskommunar stadig nemnt att. Skal dette òg delegerast snart?

Partiprogramma fastslår at me skal satse på psykiatri. Langtidstilbodet i Aurdal blir lagt ned, sjølv om erfaring fortel om dramatiske konsekvensar av å berre få dagtilbod.

UDI trassar FN-konvensjonar og norsk høgsteressdom; ei jente som aldri har budd i Afganistan blir tvangssend dit trass faglege råd. Kven bestemmer?

Lokalt blir dei fleste sakene delegert til rådmannen, ofte saker som me for nokre valperioder sidan drøfta konkret i hovudutval før avgjerd.

Partileidarar både i Ap og Sp har tatt til orde for å sjå på delegeringane att, men kva har hendt?

I NRK seier fagfolk at ein time reiseavstand til fødestasjon bør vera maksimum.

Då er alle nordaurdøler for langt vekk, ikkje å nemne Vang, Hedalen m.m.

Når avgjerdene blir problematiske, seier statsråden at «vi stoler på dei som sit lokalt, helseforetak/UDI osv. Stolar ein på lokalavgjerd berre når det passar inn i departementet sitt syn eller når det sparar statsråden for å ta upopulære avgjerder?

Når skal folket/veljarane ta att makta og seia at også enkeltsaker er politikk. Me vil vera med å avgjera istadenfor å sjå på att grender avfolkast, institusjonar blir lagt ned, poltikarane berre drøfter og uttalar seg. Gjer dei meir, får dei smekk over fingen: dette er delegert!

Det er ikkje så underleg at serleg småparti har problem med å få folk inn på vallistene.

Når skal folket gripe makta att?

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags