Gå til sidens hovedinnhold

For oss som har lengst reiseveg i heile Innlandet har det vore merkeleg å vera vitne til kampen rundt Mjøsa

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Det har vore mykje interessante faktorar frå mange partar i sjukehusstruktursaken i Innlandet. For oss som har lengst reiseveg i heile Innlandet har det vore merkeleg å vera vitne til kampen rundt Mjøsa. Nå har mykje skjedd i saken, og det blir ein realitet med fire sjukehus og styrking av prehospitale tenester med fleire lokalmedisinske sentra i Innlandet og ei ny base for luftambulanse. Vi forutset realistiske analyser for pasientens beste. Det er knytt stor spenning til fag, økonomi og geografisk realitet i dette prosjektet. Faget skal ikkje vi uttale oss om, men registrerer at argument vekslar frå ulike lokasjonar i same fagkrins.

Økonomien er ein viktig faktor, og har vore fokuset i mange år. Det er hovudsjukehuset som har fått merksemda på låneramme, dette skal finansierast av drift og har innverknad på alle avdelingar i Sjukehuset Innlandet framover. Vi har ei frykt for at fokus på stadutvikling, gangavstand og til dømes gjennomsnittleg reisetid og responstid vil skygge for geografisk realitet som må vera ein særs viktig faktor når akuttsjukehus skal plasserast.

Region Nord-Gudbrandsdal sine forutsetningar for å støtte modell med hovudsjukehus:

«Vedtaket fikk også sin tilslutning i alle seks kommunestyrene den 8.02.2018, der utredningsrapporten om Spesialisthelsetjenesten i Nord-Gudbrandsdal ble behandlet.

Våre forutsetninger for å støtte opp om et nytt hovedsykehus er at det plasseres ved Mjøsbrua og at dagens helsetjenester blir videreført og ikke redusert i påvente av ny struktur.

Dersom SI nå bygger ned viktige fagmiljø vil det ikke bare redusere tilbuda nå, men også skape ett opphold i fagutviklingen i hele innlandet. Vi krever at våre innbyggere i Nord Gudbrandsdalen skal være trygge og ha ett fullverdig helsetilbud inntil nytt sjukehus står klart.»

For oss som bor lengst nord i Gudbrandsdalen, med ein reiseavstand på pluss/minus 20 mil til Lillehammer og 24 mil til Brumunddal, er dette vesentlege moment. I samfunnsanalysen er det brukt gjennomsnittleg reisetid, på den andre presenterte modellen er det brukt pasientgrunnlag (befolkningsgrunnlag), på begge modellane vil Nord-Gudbrandsdalen kome like uheldig ut.

Ein akutt-tur til Lillehammer eller Brumunddal er stipulert til 46-48 minutt i samfunnsanalysen, i det verkelege liv vil same reise vera minst to timar. I tillegg er det ikkje ambulanse stasjonert i Skjåk og Lesja, slik at ambulansen skal køyre i motsett retning før den kan ta med pasienten. Normal reisetid frå Skjåk til Brumunddal er 3 timar og 27 minutt.

Geografien og avstandane er ein del av faktagrunnlaget, det må ikkje gøymast i statistikk. Reisetid er ein viktig faktor i akuttsituasjonar som eksempel slagramma.

Lillehammer har opptaksområde for stort akuttsjukehus etter nasjonal sjukehusplan. Lillehammer er eit stort sjukehus, og vil vera det sjukehuset som tek best omsyn til geografisk realitet. Vi ønskjer eit godt spesialist-tilbod for heile Innlandet, og ber Helse Sør Aust om å respektere, og ta omsyn til reell reisetid og geografi når dei skal vedta plassering av hovudsjukehus og kva innhald dette skal ha.

Vi ønskjer akuttsjukehus med fødeavdeling på Lillehammer!

Kommentarer til denne saken