Folkevalde er på sidelina – for dette er altså ikkje politikk

POLITIKK: - Det sterke engasjementet i det siste frå folk flest fortel at nå må det lagast ny politikk. Så kjære politikarar: tenk sjølve, ta vare på dei sjukehusa vi har og takk nei til den planlagte sjarmoffensiven frå RHF Sør-øst, skriver Nils Hesthagen.

POLITIKK: - Det sterke engasjementet i det siste frå folk flest fortel at nå må det lagast ny politikk. Så kjære politikarar: tenk sjølve, ta vare på dei sjukehusa vi har og takk nei til den planlagte sjarmoffensiven frå RHF Sør-øst, skriver Nils Hesthagen. Foto:

Av
DEL

LeserbrevDette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.I sjukehussaka er det ikkje berre utgangspunktet som har vore gale:

1. Helseforetaka vart innført i 2001 og medførte at ansvaret for sjukehusa vart overført frå fylkeskommunen til regionale helseforetak (RHF). Dermed var folkevalde utestengde frå eitt av våre viktigaste politikkområde. Når RHF Sør-øst gjer vedtak om struktur og lokalisering er det jobben deira. Folkevalde er på sidelina – for dette er altså ikkje politikk!

2. Sjukehus Innlandet (SI) etablerte fyrst samfunnspanel i 2004 som seinare vart omorganisert til politisk referansegruppe i 2013 med politikarar frå Hedmark og Oppland. Tallause utsagn tydar på at politikarane dermed trudde dei var med på beslutningane. Eit smart trekk. Folkevalde hadde inga rolle i beslutningane, men panelet og referansegruppa vart gissel for å gje eit skin av demokrati.

3. SI utarbeidde planar om eit komplett sentralsjukehus for båe fylka. Det vart foreslått å leggje dette ved Mjøsbrua. Mange støtta denne lokaliseringa som vart oppfatta som ganske nøytral, trass i at byane rundt Mjøsa skulle årelatast med 5-6000 arbeidsplassar! Pendlingsavstanden frå alle Mjøsbyane var stutt nok til å bli brukt som argument for lokaliseringa, sjølv om all erfaring syner at over tid vil utbygginga skje rundt ei slik gigantetablering. (jamfør oppkjøp av tomteområde i Moelv.)

4. Så endra RHF planane fordi det ikkje var pengar til eit komplett sentralsjukehus. Nå skulle det byggjast eit 2/3 hovudsjukehus, (prosjektet vart redusert frå 12 til 8 milliardar). Resten skulle kompletterast med eit akuttsjukehus 2 og eit elektivt sjukehus. Trass i heilt nye førestnader vart det ingen politisk diskusjon, truleg fordi 2/3-sjukehuset òg skulle plasserast ved Mjøsbrua. Plasseringa av akuttsjukehus 2 og elektivt sjukehus var ikkje bestemt. Nok eit smart trekk – for dette var gulrota for byane som skulle miste tusenvis av arbeidsplassar.

5. Til slutt kjem forslaget om å byggje 2/3-sjukehuset i Brumunddal. Dette skal visstnok vera like ved Mjøsbrua, og støttespelarane seier at nå vi må halde kjeft for ikkje å skiple milliardinvesteringa. Ei slik kjempeutbygging kan ikkje nye Innlandet gå glipp av. Dessutan skal det berre ta skarve 6-7 minutt å køyre frå Mjøsbrua til Brumunddal, så skjåkværar og lesjingar: dette er ikkje noko å bekymre seg for! «Tek du den så tek du den», som han sa mannen som leste ved – til hesten ikkje kom av flekken!

6. Nasjonl helse- og sjukehusplan (2015-2019) seier at eit stort akuttsjukehus treng befolkningsgrunnlag på minst 60-80.000. Ved SI er det derimot i gang ein prosess som ikkje tek omsyn til dette sjølv om både Gjøvik og Lillehammer er større. Men – skal ikkje nasjonale standardar òg gjelde for Hedmark og Oppland? I alle fall skulle ein tru at våre folkevalde, gislar og andre, vurderte om dette ville gje ein fornuftig struktur for Hedmark og Oppland som ikkje har nokon regionhovudstad, tvert imot 3-4 jamnstore byar.

7. 70 prosent skal lånefinansierast. Det betyr at vel 6 milliardar skal betalast med avdrag og renter og nærare 3 milliardar skal vera eigenkapital. Nedskjering og sveltforing av sjukehusa, som alt er hardt kvesta, skal halde fram til SI har skaffa denne eigenkapitalen. I tillegg skal investeringane i akuttsjukehus 2 og elektivt sjukehus òg finansierast av drifta, som altså kjem i tillegg til eigenkapitalkravet til 2/3-sjukehuset.

8. Kanskje er politikarane nå i ferd med å vakne frå Tornerose-svevnen? Utspelet om at Brumunddal ligg ved Mjøsbrua bør vera ein tankevekkjar. Det same bør rasering av sjukehusa rundt Mjøsa vera, for å få eit 2/3-sjukehus som erstatning. Utspelet syner samtidig at eit forretningsstyre ikkje har kompetanse til å drive samfunnsutvikling og bestemme nye sentrumsstrukturar. Det sterke engasjementet i det siste frå folk flest fortel at nå må det lagast ny politikk. Så kjære politikarar: tenk sjølve, ta vare på dei sjukehusa vi har og takk nei til den planlagte sjarmoffensiven frå RHF Sør-øst.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken