15.mai er FN sin internasjonale familiedag, og i den anledning vil vi rette fokus mot nokre gode familiesaker som vi i KrF brenn for. Etter vår meining har KrF den beste familiepolitikken, og det er mange grunnar til det. Først og fremst er det viktig for oss å skulle styrke familiane, ikkje styre. Ingen familie er lik, verken i samansetning eller daglege behov, og alle kan ikkje passe inn i eit A4-format. Difor legg vår familiepolitikk vekt på å tilby fleksible løysingar, der ein kan tilpasse velferdsordningane etter sine behov, i alle faser av livet. Anten du har omsorgsansvar for små barn, eller for gamle eller sjuke familiemedlemmar. I våre augo er det viktig å investere i barn og unge og deira familiar, både i eit samfunnsøkonomisk, og medmenneskeleg perspektiv.

KrF sitt landsmøte i slutten av april vedtok eit partiprogram som verkeleg satsar på familien, med både nye tiltak, og vidareføring og forbedring av eksisterande ordningar. Både kontantstøtta og barnetrygda har fått eit betydeleg løft med KrF i regjering. Det same har skjedd med eingongsstønaden, som så langt har vorte tredobla, og som vi fortsatt går inn for å styrke. Fødselstala i Norge er nedadgåande, og dette ønskjer vi å gjere noko med! Vi treng mange fleire hender i arbeid enn dei vi har i dag, for å få hjula i samfunnet til å gå rundt i framtida. Med desse stønadsordningane ønskjer vi å gjere det lettare for unge menneske å kunne stifte familie, også før fullført utdanning og jobb.

KrF ønskjer å gi småbarnsfamilier eit skikkeleg løft med ei ekstra ferieveke, til bruk når det trengs mest gjennom året. Om det er «inneklemte dagar», planleggingsdagar eller barnehagestengt, kan det hjelpe godt på stressnivå og logistikk for både barn og foreldre å ha nokre ekstra dagar å ta av. Nokre familiar vil oppleve å kunne ha meir ferie saman, som heil familie – ikkje at ein nærmast må ha ferie «på skift». Denne ferieveka vil KrF kjempe for å få gjennomslag for!

Vi ønskjer ikkje berre å hjelpe familiar med omsorg for små barn. Kvart år sparer staten millionvis av pengar fordi pårørande strekker seg langt for å hjelpe og pleie sjuke eller gamle familiemedlemmar. Vi ønskjer å kunne gi desse noko attende i form av «pårørandedagar». Det betyr at du kan ta fri inntil 10 dagar i året for å stille opp for, og hjelpe ein i familien som treng deg, utan å miste inntekt. I tillegg har vi programfesta å tilby kontantstøtte for pårørande, som over tid har omsorgsansvar for eit familiemedlem. Dette kan bety moglegheita til å jobbe redusert og ta ut kontantstøtte som kompensasjon. Desse ordningane kan lette noko på byrden og samvitet til mange.

Utanforskap og einsemd er noko fleire og fleire sett ord på at dei opplever. Ofte også barn og unge, som kan falle utanfor fritidstilbod som følgje av svak økonomi i familien. Dette ønskjer KrF å gjere noko med, og vi har jobba fram tilbodet om Fritidskort, som fleire og fleire kommuner innfører takka vere øyremerka midlar frå staten. Fritidskortet gir barn og unge auka moglegheit til å delta på ulike fritidsaktivitetar med sine jamnaldringar, ein moglegheit som kan bety utruleg mykje for barn og unge i ein sårbar situasjon.

Å legge til rette for trygge, gode oppvekstvilkår for barn og unge, og skape tid og rom for familiar med ulike behov, er noko av kjernen i KrF sin politikk.